Péter Lékó

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peter Leko)
Péter Lékó

Statsborgarskap Ungarn
Fødd 8. september 1979 (44 år)
Subotica
Yrke sjakkspelar
Péter Lékó på Commons

Péter Lékó (fødd 8. september 1979 Subotica i Jugoslavia) er ein ungarsk sjakkspelar. Han var eit sjakk-vedunderbarn og blei Stormeister i sjakk i 1994, berre 14 år gamal. Han var den yngste som hadde oppnådd denne tittelen då. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste over dei høgast rata spelarane i verda ligg han på ein 10-plass pr 1. juli 2008 med ein rating på 2741.

I september - oktober 2004 spelte Lékó tvikamp om den såkalla klassiske verdsmeisterskapen i sjakk mot verdsmeisteren Vladimir Kramnik, Russland, i Brissago i Sveits. Kampen gjekk over 14 parti, og etter 13 parti leia Péter Lékó med 7-6. Men Kramnik vann det siste partiet, sluttresultatet vart uavgjort 7-7, og Kramnik kunne behalde tittelen etter dei reglane som var sett opp for tvikampen.

Sterke resultat[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]