Peter N. Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto: Bård Gudim, FrPMedia

Peter Nicolai Myhre (fødd 29. november 1954 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han er tidlegare byråd og ordførar i Oslo, og er frå 2009 stortingsrepresentant frå Oslo og medlem av utanriks- og forsvarskomiteen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Myhre er son av Gunnar Peter Myhre og Gunhild Nordlid. Han gifta seg i 1985 med Marie Françoise Millou. Innan utdanning har Myhre examen artium frå 1973, befalsskole 1974 og norsk grunnfag 1976.

Han var leiar i Framstegspartiet sin Ungdom i perioden 1978-1984, har vore medlem av Oslo bystyre frå 1979, og han var ordførar i byen frå 1990 til 1991. I perioden 2003–09 var han byråd for miljø og samferdsel. Han gjekk av 24. februar 2009 etter eige ønskje, då han var kandidat på sikker plass på Framstegspartiets valliste til stortingsvalet 2009.[1] Ved å trekkje seg som byråd kom Myhre truleg eit mistillitsforslag mot seg i forkjøpet grunna involveringa hans i billettskandalen[2]. Byrådssekretæren hans var Lene Langemyr. Myhre vart etterfylgd av Jøran Kallmyr som byråd[3].

Politiske verv[endre | endre wikiteksten]

  • Partisekretær i Oslo Framstegsparti 1980 – 1982
  • Medlem av sentralstyret i Framstegspartiet
  • Kommunalråd Oslo kommune 1984 – 1987[4]
  • Varaordførar i Oslo 1988 – 1990, Ordførar i Oslo 1990 – 1991[4]
  • Komitéleiar samferdsels- og miljøkomiteen 1992 – 1995[4]
  • Tilsynsutvalet frå 1992
  • Vei- og vassutvalet 1979 – 86 (formann 84 – 86)
  • Formann i park-, idretts- og reinhaldsutvalet 1984 – 86[4]
  • Restaurant- og løyvenemnda 1985 – 1990
  • Bygningsrådet 1988 – 90
  • Nestformann samferdselskomiteen 1986 – 87[4]
  • Leiar samferdsels- og miljøkomiteen frå 1992 – 1995[4]
  • Medlem likestillingsutvalet 1981 – 83
  • Varamedlem styret Oslo trygdekontor 1979 – 83]]
  • Formann Oslo FpU 1978 – 84[4]
  • Gruppeleiar Oslo Framstegpartis bystyregruppe 1982 – 90 og 1992 – 94[4]

Andre verv[endre | endre wikiteksten]

Yrkeskarriere[4][endre | endre wikiteksten]

  • 1977 – 78: Partifunksjonær FrP
  • 1978 – 80: Redaksjonssekretær/redaktør, Fremskritt
  • 1984 – 87: Kommunalråd
  • 1988 – 90: Varaordførar
  • 1990 – 91: Ordførar
  • 1992 – 95: Komitéleiar samferdsels- og miljøkomiteen
  • 1995 – 96: Konsulent
  • 1996 – 98: Adm. Dir. Norges Dagligvarehandels Forbund

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peter N. Myhre