Peter Nicolai Arbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett frå 1874
Gulskogen gård i Drammen kor Arbo vart fødd. Tidlegare herregard, no ein del av Drammens Museum. Bilete frå september 2012.
Foto: Petter Ulleland
Åsgårdsreien frå 1872.
Valkyrien frå 1869, olje på lerret. Tilhøyrer Nasjonalgalleriet.
Jutulen og Johannes Blessom.

Peter Nicolai Arbo (18. juni 183114. oktober 1892) var ein norsk biletkunstnar som særleg er kjend for måleria sine med motiv frå ein nordisk historisk-mytologisk emnekrins. Dei mest kjende bileta hans er Åsgårdsreien og Valkyrien. Arbo var noko i utakt med sine samtidige norske kollegar, og omdømet til kunsten hans har i ettertida vore merkt av medfarten han fekk av kunstkritikarar som var prega av 1880-åras kunstsyn.

Gulskogen og slekta[endre | endre wikiteksten]

Peter Nicolai Arbo vart fødd 18. juni 1831 på Gulskogen gård ved Drammenselva. I dag ligg staden sentralt til i bydelen Gulskogen i Drammen, men i Arbo si tid låg Gulskogen gård landleg til. Han var son til overlærar Christian Fredrik Arbo og kona Marie Christiane von Rosen og bror til lækjaren Carl Oscar Eugen Arbo.

Arboslekta kan førast attende til Ærø i Danmark, og namnet Arbo er truleg ei avleiding av Arøbo. Slekta kom til Noreg med Peter Arbo (1689–1761) som starta opp ein stor trelastforretning på Strømsø.

Utdanning og kunstnarliv[endre | endre wikiteksten]

Peter Nicolai Arbo starta kunstutdanninga si med eit skuleår ved Helsteds Tegneskole i København 1851-1852. Etter det reiste han til Düsseldorf og studerte på kunstakademiet frå 1852 til 1861. Frå 1853 til 1855 studerte han under rettleiding av Karl Ferdinand Sohn som var professor i figurmåleri, og frå 1857-1858 under J. E. Hünthen som var slag- og dyremålar. Under Hünthen var det særleg hestemåleri Arbo arbeidde med, og han vart ein framifrå skildrar av hestar. I Düsseldorf var han også ei tid privatelev hjå historiemålaren C. Mengelberg, og han hadde kontakt med Adolph Tidemand og vart god ven med Hans Gude som han også i fleire år var leigebuar hjå. Tidemand og Gude var begge professorar ved kunstakademiet i Düsseldorf.

I 1861 flytte Arbo heimatt til Noreg og han fór året etter på ei studiereise i lag med Gude og Frederik Collett i heimlandet. I 1863 målte han den fyrste versjonen av Hesteflokk på høyfjellet, eit motiv han seinare tok opp att fleire gonger, og versjonen frå 1889 er i Nasjonalgalleriet si eige og vert rekna med mellom dei viktigaste verka hans.

Frå 1863 til 1871 budde Arbo for det meste i Paris.

Illustratøren Arbo[endre | endre wikiteksten]

Axvalla-album[endre | endre wikiteksten]

Etter oppdrag frå forleggar Christian Tønsberg teikna Arbo ulike motiv frå den store norsk-svenske miltærøvinga på Axvalla i 1858. Utifrå teikningane vart det utarbeidd 10 litografi: «Borgen med omgivelser», «Udsigt over den vestlige delen av leiren», «Bivoukscene», «St Hans Aftens-fornøielse», «Rast i skoven», «Parti af fægtningen» (2 plansjar), «Parti af cavalleri-leiren», «Gudstjenesten» og «Parti af den store defilering».

Albumet kom ut i 1858 og på tittelbladet stod: Axvalla-album : en Cyklus Mindeblade tegnede af P. N. Arbo ; og ledsagede med en oplysende Text; udgivet og forlagt af Chr. Tønsberg.

Billeder af Norges Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1860 gav Christian Tønsberg ut Billeder af Norges Historie, ei lettare tilgjengeleg utgåve av P. A. Munchs Det norske folks historie. Det var tenkt å verte eit større verk frå starten av, men i 1860 var Tønsberg i økonomiske vanskar (mykje grunna nettopp P. A. Munchs Det norske folks historie) og det vart med dette eine heftet. Arbo leverte 3 akvarellar til Tønsberg som vart grunnlag for trykka til heftet.

Motiva heitte:

  • «Olav Tryggvasons ankomst til Norge.»
  • «Olav Tryggvason kåres til konge på Øreting.»
  • «Olav den helliges fall i slaget på Stiklestad.»

På tittelbladet stod det: Billeder af Norges Historie tegnede af P.N. Arbo og ledsagede af en kort oplysende Text efter P.A. Munch.

Norske Folke og Huldre-Eventyr[endre | endre wikiteksten]

I 1879 kom Asbjørnsens og Moes Norske Folke og Huldre-Eventyr illustrert av norske kunstnarar. Det var to band i verket. Bind I inneheld Norske Folke og Huldre-Eventyr i udvalg ved P. Chr. Asbjørnsen illustrert av mellom andre Hans Gude, Otto Sinding, Adolph Tidemand, Erik Werenskiold og Peter Nicolai Arbo. Berre to av illustrasjonane bygger på teikningar av Arbo, ein til «Per Gynt» og ein til «Jutulen og Johannes Blessom». I seinare utgåver av eventyra, som til dømes «Norske kunstneres billedutgave» frå 1939, er originaltekningane gjenngjevne utan å gå vegen om stikk, og der er også nokre fleire Arbo-illustrasjonar tekne med.

Billeder til Norgeshistorien for Skolen og Hjemmet[endre | endre wikiteksten]

Forleggar Asbjørn Knutsen tok i dette verket opp att ideen frå Christian Tønsbergs Billeder af Norges Historie. Arbo leverte 11 teikningar til verket, og fekk her brukt nokre av arbeida Tønsberg ikkje fekk nytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peter Nicolai Arbo