Peter Olsen Horgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Olsen Horgen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. oktober 1827
Gran kommune
Død

24. november 1899 (72 år)
Gran kommune

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Peter Olsen Horgen (22. oktober 182724. november 1899) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Gran i Oppland.

Horgen var gardbrukar på farsgarden frå 1852. I 1857 vart han sparebankkasserar. Han var medlem av heradsstyret i Gran og ordførar i fleire år. 1868-69 var han 5. representant frå Kristians amtStortinget, medlem av justiskomite nr 1. For valperioden 1877-79 var han 2. varamann frå same valkrinsen. Han møtte i 1877 frå 3. mai og heile 1879-sesjonen i staden for Hans Olsson Hammerstad. I 1877 var han medlem av justiskomiteen, 1879 medlem av protokollkomiteen.

Han døydde på garden sin i Gran i 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]