Peter Thams Buschmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Thams Buschmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. desember 1762
Frosta
Død

6. april 1845 (82 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk

Peter Thams Buschmann (6. desember 17626. april 1845) var ein prest og stortingsmann. Han var sokneprest i UlsteinSunnmøre 1798-1822 og AureNordmøre 1822-45. På stortinget møtte han i 1818-sesjonen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Buschmann var fødd i Nesna, der far hans då var prest. Seinare fekk faren nytt kall i Frosta. Buschmann tok eksamen ved Trondhjems katedralskole i 1782, og studerte deretter teologi i København. 1787 var han ferdig utdanna cand. theol. og var deretter pers. kapellan i faren sitt prestegjeld, Frosta. I januar 1798 vart han utnemnd til sokneprest i Ulstein. Dette embetet hadde han til 1822, då han vart sokneprest i Aure.

Under tida i Aure låg Buschmann i strid med biskopen, Peter Bugge, som Buschmann hevda hadde lokka han til å søke Aure-kallet og ikkje det rikare kallet Tingvoll, som biskopssonen så kunne søkje og få.

Buschmann var lite omtykt i Ulstein, han vart «halden for kaut og ufolkeleg». Overfor kyrkjelyden var han myndig og mannhaftig, også utanfor kyrkjetida. Preikene hans var lærde og moraliserande, berre når han tala om det nasjonale tende han gløden hos tilhøyrarane. I Aure, derimot, skal Buschmann (kalla Gammel-Bussmann) ha vore svært godt likt av folket.

1843 vart Buschmann i prosteretten tiltala for klanderverdig embetsførsel. Han døydde før saka var avslutta.

Buschmann var valmann til valet på eidsvollsmenn 1814. Til det overordentlege storting i 1814 var han 2. varamann (suppleant). 1818 vart han vald til stortingsrepresentant for Romsdals amt, etter amtmannen sa frå seg val. På stortinget var han medlem av ni komitear. Han var formann i komiteen om sal av kyrkjer i Nord-Norge og i komiteen om den lutherske kyrkja i London.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tale holden i Hareids Annexkirke den 25. Marts 1814, Ekset Kongeriget Norges gamle frygtelige Løve er vaagnet Eedens Aflæggelse af Ulfsteens og Hareids Menighed i Bergens Stift 25. mars 1814 [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]