Peter Wessel Tordenskjold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tordenskiold.jpg

Peter Wessel (28. oktober 169020. november 1720) var ein norsk sjøhelt, best kjend som Tordenskjold.

Peter Wessel blei født i Trondheim som son av rådmann Jan Wessel. Som 14-åring rømte han heimefrå og segla med Fredrik IV sitt kongeskip til Kjøbenhavn. Han var allereie som 15-årig skipsgut på ei reise til Dansk Vestindia, og blei utnemnd til sjøkadett ved Holmens Kadettskole i 1709. I 1712 blei han kommandør på den nybygde fregatten Løvendals Galej på 20 små kanonar, som han kort etter erobra eit svensk kaperfartøy med.

Wessel blei adla i 1716 under namnet Tordenskiold, og same år vann han ein oppsiktsvekjande siger ved Dynekilen, der ein svensk forsyningsflåte blei øydelagd. Det verka sterkt med til at Karl 12. måtte gje opp forsøket sitt på å erobre Noreg. Han blei øvstkommanderande for Kattegateskadren, og i 1719 erobra han Marstrand og øydela kort etter resten av den svenske flåten i Göteborg . Etter det blei han utnemnd til viseadmiral, men det var samtidig avslutninga på krigen, og med det Tordenskjold sin store periode.

Han blei drepen i 1720 under ein duell med kårde i Hildesheim i Tyskland, etter ein krangel med Jacob Axel Staël von Holstein, ein oberst som tidlegare hadde vore i svensk teneste. Denne duellen skulle i følgje historia eigentleg kjempast med pistol, men von Holstein fekk sekundanten som skulle ta med seg pistolane til ikkje å møte opp. Dette førte til at duellen blei kjempa med dei våpna duellantane hadde med seg. Tordenskjold hadde berre ein pyntekårde på seg medan von Holstein hadde ein kampkårde.

Tordenskjold er i dag ein viktig figur i den norske marinen si historie. Marineskulen KNM Tordenskjold er kalla opp etter han og fødselsdagen hans vert feira kvart år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]