Petermann Island
| Petermann Island | |
| øy | |
|
Petermann Island frå avstand
|
|
| Land | |
|---|---|
| stad | Antarktis |
| - koordinatar | |
| Lengd | 2 km |
| Folketal | 0 |
| Administrert under | Antarktistraktaten |
Petermann Island er ei lita øy like utanfor vestsida av Den antarktiske halvøya i Antarktis og like sør for Booth Island og Lemaire Channel. Ho er 2 km lang, og har den sørlegaste kolonien med bøylepingvinar i verda, i tillegg til mange adeliepingvinar.
Øya vart oppdaga av ein tysk ekspedisjon i 1873-74, som namngav ho etter geografen August Petermann. Den franske antarktisekspedisjonen 1908-10 overvintra ombord på skipet «Pourquoi-Pas?» i ei vik på søraustsida av øya, som dei kalla Port Circumcision fordi ho vart oppdaga 1. januar 1909, den tradisjonelle dagen for Jesu omskjering (circumcision på fransk).
Ekspedisjonen bygde hytter i vika, men desse er i dag borte, og berre ein varde står att, i tillegg til ei redningshytte bygt av Argentina i 1955, og ein kross til minne om tre medlemmar av British Antarctic Survey som døydde i 1982 i eit forsøk på å krysse havisen frå Faraday Station til Petermann.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Petermann Island» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
- Personal photographic account av site in March 2007: bartosik.org