Petróleos de Venezuela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

Petróleos de Venezuela, S.A. (PDVSA) er eit statseigd oljeselskap i Venezuela. Det vert drive stort innan eksport av petroleum frå Venezuela. PDVSA kjøpte halvdelen av bensin- varemerket Citgo frå Southland Corporation i 1986 og resten i 1990. Slik kom selskapet seg inn på marknaden i USA. PDVSA vart etablert i 1975, og har hovudkontoret sitt i Caracas.

Venezuela er rekna å ha dei største petroleumsreservene i Amerika. Landet er på femteplass i verda om ein listar opp land etter petroleumsreserver. Med reservane i Orinoco-beltet er det rekna med at landet kan ha opp imot dei største reservene i verda.

PDVSA har ein produksjonskapasitet, inkludert avtalar med andre selskap, på 4 millionar fat kvar dag (600,000 m³). Dagleg produksjon er på det jamne over 3 millionar fat om dagen (500,000 m³). Reservane er rekna å vera 78 milliardar fat råolje og 4190 km³ naturgass.

I 2002 slutta mange av dei tilsette i PDVSA seg til ein nasjonal streik. Målet med streiken var at president Hugo Chávez skulle lysa ut eit tidleg nyval. Styresmaktene sette inn lojal arbeidskraft, og tusenvis av streikande fekk ikkje halda fram i arbeidet sitt.

Konkurrentar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]