Petra Kronberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petra Kronberger
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 21. februar 1969 (55 år)
St. Johann im Pongau
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 1992 – Slalåm kvinner, alpine skiing at the 1992 Winter Olympics – women's combined

Utmerkingar

stort utmerkelse for fortjenster for republikken Østerrike

Petra Kronberger (fødd 12. februar 1969) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Pfarrwerfen i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner tre sesongar på rad, 1990-92. Ho vann to OL-gull i 1992 og eitt VM-gull i 1991. Kronberger er ein av få alpinistar som har vunne verdscuprenn i samtlege fem greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kronberger debuterte i verdscupen i 1987, og tok sesongen etter steget opp i verdseliten med eit par pallplasseringar i verdscuprenn. Ho deltok i Vinter-OL 1988 i Calgary og vart som best nummer seks i utfor, året etter var sjuandeplassen i kombinasjonen hennar fremste plassering i VM i alpine greiner 1989 i Vail i delstaten Colorado.

Midt i desember 1989 vann Kronberger sine fyrste renn i verdscupen, to utforrenn i Canada. Gjennom 1989/90-sesongen vann ho seks renn, ho triumferte både i storslalåm, kombinasjon og slalåm. Dermed kunne ho ved sesongslutt klive til topps på sigerspallen og take mot trofeet som prova at ho var verdas beste kvinnelege skialpinist.

I 1991-sesongen forsvarte ho posisjonen som verdseinar på ein overbevisande måte. Ho sigra i åtte renn i verdscupen, fordelt på alle dei fem alpine øvingane. Dermed er Kronberger ein av eit fåtal alpinistar som har vunne renn i alle greinene i verdscup-samanheng. Ved VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm vart ho verdsmeister i utfor.

Kronberger vann gullmedaljane i både slalåm og kombinasjonen under dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville. Trass i at ho i OL-sesongen vann einast to renn i Verdscupen i alpine greiner, begge i utfor, lukkast ho å sikre seg verdscup-trofeet for tredje gong i rad.

Ho la opp som alpinist i slutten av desember 1992, då ho var gått lei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]