Petra Kvisli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petra Kvisli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mars 1874
Død

15. juli 1947 (73 år)

Yrke skribent

Petra Kvisli (1. mars 18741947) var ein norsk forfattar.

Kvisli var fødd Petra Evine Olsen i Arendal.

Ho tok eksamen frå lærarinneskulen i Arendal i 1890, og etterpå vart ho tilsett som lærar i Åmli. I denne tida lærde ho seg landsmål. Seinare arbeidde ho som lærar i heimbyen Arendal til ho i 1898 gifta seg med læraren Knut Kvisli frå Vegårshei. I 1900 vart Knut Kvisli tilsett som styrar for amtsskulen i Stor-Elvdal og familien flytta dit. Dei hadde fire barn som voks opp.

Petra Kvisli vart målkvinne og skreiv på landsmål, det seinare nynorsk. Mest kjend er ho nok for songen «Eg elskar dei voggande tonar»:

«Eg elskar dei voggande tonar

og all den brennande hug!
Eg elskar kvar song som ljomar,

og kvart eit barn som log!»

Petra Kvisli var òg kunstmålar og måla gjerne landskapsbilete.

Kvisli døydde i Stor-Elvdal.

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Songen «Sygjenta syng», 1898.
  • Boka Birgit, 1907.
  • Skodespelet Ikkje vaksen, 1911.
  • Forteljinga «Tora Dal», 1912.
  • Skodespelet Elskhug og skoghandel, 1914.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]