Petrellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata
Foto: Patrick Coin
Magentapetrell, Pterodroma magentae
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, public domain

Petrellar er ei gruppe av sjøfuglar innanfor ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Definisjonen er omdiskutert, gruppa er ikkje rekna som eit takson, jamvel om somme avgrensar petrellane til slekta Pterodroma av stormfuglfamilien.

Lordhowepetrell, Pterodroma solandri
Foto: JJ Harrison

Petrellar kan ha fleire tydingar:

  1. Sjøfuglane i den biologiske slekta Pterodroma, - eller
  2. Pterodroma utvida med alle artar i stormfuglfamilien som ikkje er kvalfuglar eller lirer, - eller
  3. Vidare utvida med artane frå to familiar: dukkpetrellar og stormsvaler.

I vidaste tyding er petrellar då ei samling av artar frå tre grupper: