Petropavlovsk-Kamtsjatskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Petropavlovsk-Kamtsjatskij
Петропавловск-Камчатский
Petropavlovsk Kamchatsky at night.jpg
Flagget til Petropavlovsk-Kamtsjatskij Byvåpenet til Petropavlovsk-Kamtsjatskij
Flagget til Petropavlovsk-Kamtsjatskij Byvåpenet til Petropavlovsk-Kamtsjatskij


Plassering
Petropavlovsk-Kamtsjatskij is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kamtsjatka kraj
Grunnlagd 1740
Borgarmeister Vladislav Skvorzov
Geografi
Flatevidd
 - By

400 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

195 100
  487,8 /km²
Koordinatar 53°01′0″N 158°39′0″EKoordinatar: 53°01′0″N 158°39′0″E
Høgd over havet 150 moh
Tidssone
- Ved sommartid
PETT (UTC+12)
PETST (UTC+12)
Diverse annan informasjon
Postnummer 683000–683063
Retningsnummer (tlf) (+7)4152
Nettstad: petropavlovsk.kamchatka.ru/

Petropavlovsk-Kamtsjatskij (russisk Петропа́вловск-Камча́тский) er den største byen og det administrative, industrielle, vitskaplege og kulturelle senteret i Kamtsjatka kraj i Russland. Han hadde om lag 195 000 innbyggjarar i 2007. Etniske russarar og ukrainarar utgjer størstedelen av folkesetnaden. Sjølve byen har fleire innbyggjarar enn naboregionane Magadan oblast og Tsjukotka autonome okrug. I tillegg er han den austlegaste byen i Eurasia.

Byen ligg på nokre høge åsar omgjeve av vulkanar. På andre sida av Avatsjabukta ligg den største russiske ubåtbasen, Rybatsjij atomubåtbase, som vart oppretta under Sovjetunionen og som framleis er i bruk av den russiske marinen.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Petropavlovsk vart grunnlagd av den russiske utforskaren Vitus Bering. Bering kom til Avatsjabukta i 1740 og la ned grunnsteinen til hamnebyen. Han gav den nye staden namnet «Petropavlovsk» (Peter og Paulus) etter dei to skipa hans, St. Peter og St. Paulus, som vart bygd i Okhotsk for den andre ekspedisjonen hans.

Under krimkrigen i 1854–1855 klarte festningane i byen seg under ei omleiring av engelsk-franske styrkar og fall aldri.

Petropavlovsk var ei stor kjelde til fisk, og særskild laks, og krabbe for Sovjetunionen på 1900-talet, men etter sovjetida har fiskerettane vorte gjevne til utlendingar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er maritimt (Köppen Dfc) og nedbørmengdene er estimert til 860 mm i året, eller om lag tre gonger så mykje som det som er normalt i Sibir. Det meste av nedbøren kjem som snø. Temperaturane om vinteren er høgare enn i Sibir med ein normal i januar på 7,3 °C, medan temperaturmaksima om sommaren er rundt 20 °C.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Byen har utvikla ein turistinfrastruktur. Om lag tjue store turistselskap tilbyr tenester frå bjørnejakt til paragliding. Det går ikkje veg til Kamtsjakahalvøya frå resten av verda, og Petropavlovsk-Kamtsjatskij er den nest største byen i verda som ein ikkje kan nå via veg etter Iquitos i Peru. Ei reise til Petropavlovsk-Kamtsjatskij er dyr, men vert stadig meir populær på grunn av dei flotte naturtilhøva på halvøya. Byen er tent av Petropavlovsk-Kamtsjatskij lufthamn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Petropavlovsk-Kamtsjatskij

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ubåtbasen