Petter Jakob Bjerve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Petter Jacob Bjerve)
Petter Jakob Bjerve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1913
Stjørdal kommune
Død

12. januar 2004 (90 år)
Oslo

Yrke samfunnsøkonom, politikar, statistikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Petter Jakob Bjerve (27. september 191312. januar 2004), fødd i Stjørdal, var ein norsk sosialøkonom og politikar frå Arbeidarpartiet.

Bjerve var finansminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering mellom 1960-1963.

Bjerve tok examen artium ved Orkdal landsgymnas i 1934. Han studerte deretter sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo. Under studietida hadde han studieopphald ved The American University i Washington DC frå 1938 til 1939. Då han kom tilbake til Noreg vart han forskingsassistent ved Sosialøkonomisk institutt, der han vart arbeidde med strukturoversikta, og arbeidde saman med Ragnar Frisch med å stille opp eit nasjonalrekneskap. Han vart cand. oecon. i 1941. Han underviste deretter på universitetet inntil dette vart stengt i 1943.

Frå 1944 arbeidde han i Statistisk sentralbyrå, der han mellom anna bidrog til publikasjonen «Nasjonalinntekten i Norge 1935 til 1943». Han arbeidde også saman med Odd Aukrust med boka «Hva krigen kostet Norge, som kom ut i 1945. Frå november 1945 vart Bjerve tilsett som byråsjef i Finansdepartementet, med hovudansvar mellom anna for nasjonalbudsjettet. Han arbeidde i departementet til sommaren 1947, og hadde då ansvaret for dei to første nasjonalbudsjetta. I 1947 var Bjerve tilbake i USA med to års Rockefeller-stipend. Då han kom heim blei han tilsett som direktør i SSB.

I meir enn 30 år var Bjerve direktør ved Statistisk Sentralbyrå. Han tok til i stillinga i 1949, og gjekk av først i 1980, berre avbrote av perioden som finansminister frå 1960 til 1963. Han heldt fram med å ha kontorplass ved SSB fram til 2000, då han var 87 år gamal.

Petter Jakob Bjerve vart Dr. philos. i 1962 med avhandlinga «Planning in Norway 1947–1956».

Bjerve sat i styret i «Ja til EF» under EF-striden i 1972. Han gav ut over 40 bøker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]