Petter Jakobson Falk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Petter Jakobson Falk (15911643) var norsk futHelgeland frå ca. 1619 til ca. 1640. Han kan reknast som stamfar til Falk- eller Falchslekta på Helgeland, ei slekt som hadde stor makt i regionen dei neste genarasjonane. I lag med kona si samla han seg eit stort gods med landeigedommar.

Petter Falk var fødd i Romsdalen rundt 1591. Faren Jakob Pederson var dansk, fut i Romsdalen og seinare lagmann i Trondheim og Jemtland. Mora var Margrete Petersdotter (Falkener), fødd i Trondheim.

I 1624 vart han gift med Anne Jonsdotter. Han vart utnemnd til fut for Helgeland i 1618, og busette seg på krona sin tenestemannsgard på Nord-Herøy. I løpet av si tid som fut fekk han i sitt eige mange gardar, i 1642 åtte han eit gods med ei samla landskyld på 47 våg, det var 33 matrikkelgardar og rundt 60 bruk. Etter at han døydde, fortsette kona godssamlinga.

Petter og Anne har 9 kjende barn, blant dei Maren Falk, mor til diktarpresten Petter Dass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arnt O. Åsvang: Slekten Falch I (1979)
  • Kåre Hansen: Petter Dass - mennesket, makten og mytene (2006)