Peugeot 307

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peugeot 307

ProdusentPeugeot
Produsert2001–2011
KlasseKompaktbil
Karosseritypar3-dørs kombicoupé
5-dørs kombicoupé
4-dørs stasjonsvogn
ForgjengarPeugeot 306
EtterfølgjarPeugeot 308
Tekniske data
Breidde1 730 millimeter
Motor1,4 liter bensin
1,6 liter bensin
2,0 liter bensin
1,6 liter diesel
2,0 liter diesel

Peugeot 307 er ein liten familiebil som vart produsert av den franske bilprodusenten Peugeot. Modellen vart lansert i 2001, og vann Årets Bil i Europa i 2002. Bilen vart i 2007/2008 erstatta av Peugeot 308.

Historie[endre | endre wikiteksten]

307 vart opphavleg presentert som prototypen «307 Prométhée» i 2000. Produksjonsmodellen vart presentert i Europa i 2001 som ein etterfølgjar til Peugeot 306.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Peugeot 307-plattforma er ei vidareutvikling av forgjengarane, og vart òg nytta i Citroën Xsara. 307 vidareførte Peugeot sitt nye formspråk, som tidlegare hadde vorte vist på Peugeot 206 og Peugeot 607. Han hadde store frontlykter, bratt panser og frontrute.

Karosserivariantar[endre | endre wikiteksten]

Ved lanseringa kom 307 som tre- og femdørsutgåver, og i 2002 vart modellutvalet utvida med to stasjonsvogner, kalla 307 Break og 307 SW. Utvendig er dei nesten identiske, bortsedd frå at SW-versjonen har eit sølvgrått takstativ og eit stor panoramatakvindauge som standard. Innvendig er 307 Break ei konvensjonell stasjonsvogn, medan SW har ei valfri tredje seterad, slik at han vert meir fleksibel.

307 CC er ein cabriolet med avtakbart ståltak, som vart lansert i 2003.

I 2004 vart det starts produksjon av ein firedørs sedan-versjon ved Dongfeng Peugoet-Citroën Automobile i Kina, for den kinesiske marknaden. Modellen har òg sidan 2006 vore bygd i Argentina. Han vart introdusert på den spanske marknaden hausten 2006.

Motorar[endre | endre wikiteksten]

Modell Motorkode Ventilar Slagvolum Effekt / omdr. Moment / omdr. Årgangar
Bensinmotorar
1.4 TU3JP (KFW) 8 1.360 cm³ 55 kW (75 hk) / 5.500 120 Nm / 3.400 2002 til 2004
1.4 16V ET3J4 (KFU) 16 1.360 cm³ 65 kW (88 hk) / 5.250 133 Nm / 3.250 2003 til 2007
1.6 16V TU5JP4 (NFU) 16 1.587 cm³ 80 kW (109 hk) / 5.800 147 Nm / 4.000 2001 til 2007
2.0 16V EW10J4 (RFN) 16 1.997 cm³ 100 kW (136 hk) / 6.000 190 Nm / 4.100 2001 til 2005
2.0 16V EW10A (RFJ) 16 1.997 cm³ 103 kW (140 hk) / 6.000 200 Nm / 4.000 2005 til 2007
2.0 16V EW10J4S (RFK) 16 1.997 cm³ 130 kW (177 hk) / 7.000 202 Nm / 4.750 2005 til 2007
Dieselmotorar
1.4 HDi DV4TD (8HX/HZ) 8 1.398 cm³ 50 kW (68 hk) / 4.000 150 Nm / 1.750 2002 til 2004
1.6 HDi DV6(A)TED4 (9HX/HV) 16 1.560 cm³ 66 kW (90 hk) / 4.000 215 Nm / 1.750 2006 til 2007
1.6 HDi DV6TED4 (9HZ/HY) 16 1.560 cm³ 80 kW (109 hk) / 4.000 240 Nm / 1.750 2004 til 2007
2.0 HDi DW10TD (RHY) 8 1.997 cm³ 66 kW (90 hk) / 4.000 205 Nm / 1.900 2001 til 2005
2.0 HDi DW10ATED4 (RHS) 8 1.997 cm³ 79 kW (107 hk) / 4.000 250 Nm / 1.750 2001 til 2004
2.0 HDi DW10BTED4 (RHR) 16 1.997 cm³ 100 kW (136 hk) / 4.000 320 Nm / 2.000 2003 til 2007

Andletslyfting i 2005[endre | endre wikiteksten]

I 2005 fekk modellen ei andletslyfting, som inkluderte oppgraderte frontlykter og eit nytt panser. Bilen fekk òg ein ansleis støytfangar framme med større luftinntak. Innvendig vart det nytta materialar av høgre kvalitet enn på forgjengaren. Ved same høve vart det innført ein ny dieselmotor.

307 i rally[endre | endre wikiteksten]

Peugeot 307 WRC er ein WRC-bil basert på 307 CC som erstatta 206 WRC i World Rally Championship i 2004. Bilen har teke tre WRC-sigrar, men vart teken ut av rallyPSA Peugeot Citroën trekte seg frå WRC etter 2005-sesongen. Bilen stod på toppen av pallen i Rally Finland i 2004 og 2005, samt i Rally Japan i 2005, alle gongane med Marcus Grönholm bak rattet.

Også nordmannen Henning Solberg har nytta ein 307 WRC i verdsmeisterskapen i rally.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Peugeot 307