Slaget ved Casteldelfino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peyre-Longue)
Slaget ved Casteldelfino
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen
Dato 19. juli 1744
Stad Casteldelfino i dagens Cuneo i Italia
Resultat Fransk siger
Partar
Frankrike Frankrike Kongedømet Sardinia Kongedømet Sardinia
Kommandantar
Ballì de Givry
Fyrsten av Conti
Karl Emmanuel III av Savoie
Styrkar
5000 2000
Tap
1900 døde eller skadde 2000 døde, skadde eller tekne til fange
Feltog i den austerrikske arvefølgjekrigen i Italia
Campo SantoVillafrancaCasteldelfinoVelletriMadonna dell'OlmoBassignanoPiacenzaRottofreddo - Assietta

Slaget ved Casteldelfino fann stad i juli 1744 under den austerrikske arvefølgjekrigen mellom Frankrike og Kongedømet Sardinia.

Manøvreringar før slaget[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene hadde først starta ein offensiv inn i Piemonte og vart slått tilbake etter tre dagar med kampar i Varaitadalen nær landsbyen Casteldelfino (7-10. oktober 1743). I juli 1744 prøvde franskemennene under Contì å gå inn i Piemonte på ny frå dei vestlege Alpane. Dei første rekkjene med av den franske armeen tok dei øvste områda av dalane Stura og Maira, medan tre andre rekkjer, den 7., 8. og 9. var plasserte øvst i Varaitadalen. Den sjuande kolonnen bestod av seks bataljonar under generalløytnant Don Louis Gandinga. Han forlet Guillestre, kom gjennom San Paul og Maurin, og tok toppen av Col d'Agnello der dei trua dalen Casteldelfino låg i. dei trekte seg så tilbake og tok Acceglio i Mairadalen for å gje støtte til den sjette kolonnen under generalløytnant Compte de Lautrec, som hadde som mål å ta landsbyen Preit for å true Maira.

Marquis de Camposanto, ein generalløytnant med fem bataljonar som utgjorde den åttande kolonnen, avanserte fram mot leiren til Pontcernieres nær Briancon, like før Varaita- og Mairadalane. Baillì du Givri, ein generalløytnant i styringa for dei ti bataljonane som utgjorde den niande kolonnen, tok Montgeneve-passet og gjekk ned i dalen Cesana for å lure den sardinske kongen Charles Emmanuel III. Givri gjorde ein skinmanøver og tok Gardetta i Bellinodalen, samt toppen av Col du Bondormir som ruva over Chateau Dauphin-dalen. Brigadegeneral François de Chevert kommanderte 1500 mann frå fleire regiment og fire kompani grenaderar frå brigaden til Poitou. Desse ni kolonnane var ved posisjonane dei hadde fått av Conti etter å ha vandra i eit kraftig regnvêr.

Fyrsten av Conti og Filip av Parma frå Spania gjekk ned Col de l’Argentera i front av kolonnen sin og tok Bersezio i Sturadalen. Generalløytnant Pallavicini frå Savoie vart informert av spionane sine om at tre fiendtlege korps var i ferd med å omringe dei og han forlet dei gode posisjonane ved Lobiera og leiren i Montagnetta. Etter å ha kome fram til posisjonen sin var fyrst Conti uroa over situasjoenn i kolonnane som kjempa til venstre for han. Marechal de camp de Villemur sende ein offiser med nyhende om sigeren til høgre, men bodbringaren drukna. Andre kurerar vart samstundes sende til Ballì de Givrì og Marquis Pallavicini, men dei nådde ikkje fram i tide til å stoppe dei fåfengte kampane i Varaitadalen.

Generalløytnant de Gandica føre den 7. kolonnen tok Acceglio i Mairadalen, og gjekk så til Varaitadalen for å gje støtte til den 8. og 9. kolonnen. Marquis de Camposanto, leiar av den 8. kolonnen, nådde fjellet Traversiera med fem bataljonar. For å kome hit måtte han marsjere ved foten av Mont Peirol, der han rykte fram mot den forskansa leiren på Bicocca-platået. Meininga hans var ikkje å gå til åtak, men berre skape litt støy og unngå hovudforskansinga ved Pierre Longue. Ballì de Grivri gjorde ein skinmanøver med den 9. kolonnen frå Briancon til den andre sida av Montgeneve. Han kom så tilbake og gjekk til Col d'Agnello. Han kommanderte Compte de Danois, ein generalløytnant, og ti bataljonar. Han hadde òg ein fortropp under Chevert, som kommanderte 1500 mann og fire kompani med grenaderar. Chevert gjekk til åtak på utposten Chayol den 16. juli, men trekte seg tilbake etter nokre skotutvekslingar med fienden nær Gardetta.

Natt til 16. og 17. juli slo franskmennene leir ved Chayol, medan Savoie-troppane hadde leir ved Gardetta.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Ved hjelp av spionar visste Chevert posisjonen til fienden og at dei var om lag like mange. Han valde derfor å gå til åtak. Dei franske grenaderane hadde vanskar med gjere innrykk i Bondormir og måtte gå til åtak på fleire godt forsvarte bygningar i prosessen. På same tid hadde Danois kome med brigaden til Poitou. Chevert gav ordre om ein flankemanøver for å fange fienden, men sardiniarane trekte seg tilbake under dekning av 300 dragonar. Den franske armeen steig ned til Celle di Bellino etter å ha øydelagd bygningane i Gardetta. Dei sette så avstad mot Bondormir og hadde framleis vanskar med å ta skyttargravene. Frå her klatra dei over Pierrelongue og møtte andre fråskilde grupper som kom frå parallelle stiar. Chevert ønskte no eit storskala åtak og det franske krigsrådet gav løyve til eit storåtak dagen etter.

Så snart piemontesarane kunne sjå fienden på toppen av Pierrelongue øydela dei kommunikasjonslinjene frå Bondormir og gjorde klar eit forsvar. Fienden gjorde klar ein betre sikk-sakk-sti oppover Pierrelongue-ravinen på nordsida for å nå toppen av fjellet. Chevert måtte klargjere åtaket med 1500 mann og dei måtte ta Pas du Chat, ei djup kløft med sleipt terreng. I enden av denne kløfta låg 400 piemontesiske grenaderar og eit kanonbatteri. Då Chevert flytta seg var fjellet dekt av tjukk tåke, og han kunne ikkje sjå skyttargravene. Det vart avfyrt fleire salvar frå grenadarane som kunne høyre han, men ikkje sjå han. Chevert gav ordre om å gå raskare ned og setje på bajonettane, og unngå skotutveksling med fienden. Franskmennene gjekk til åtak og fienden trekte seg tilbake til redutten Baraccone under stor forvirring. Piemontesarane forlet telta sine og sette fyr på tre store mål for å informere garnisonen til Bicocca om at Pierrelongue var erobra av franskmennene.

Dei franske kolonnane kom ned frå Pierrelongue utan store tap, trass i kraftig bombardement frå fienden. Dei gjekk til åtak på den andre redutten på toppen av Battagliola, og tvinga sardiniarane på flukt. Franskmennene stoppa framrykkinga ved Battagliola og heldt denne posisjonen i om lag to timar for å gå til messe og ta seg ein kvil. Dei rykte seinare fram til den sterkt forsvarte Cavallo-redutten. Dei sardinske kommandørane var Verger og brigade-chevalieren Castagnole. Før slaget vart Verger, ein major frå regimentet i Provence, sent til Chevert for å sjå at overgjevinga gjekk rett føre seg og hindre at heile garnisonen var avretta. Verger avslo ønsket om overgjeving. Chevert gav ordre om eit nytt åtak , men han ønskte å informere de Givrì slik at han kunne kome til støtte. Chevert gav Givri melding om å ikkje gjere noko før han hadde fått ordre. Dårlege forsyningstilhøve gjorde at Chevert vart overbevist om at eit massiv åtak måtte til å redde situasjonen.

Troppane til Chevert skulle gå til åtak på batteriet, medan brigaden til Poitou skulle rykke fram til høgre for han. I midten var regimentet frå Provence. Oberst Salis måtte ta eit platå over Bellino-ravinen for å unngå fire sardinske bataljonar sør for fjellet.

Kolonnen avanserte utan sekkar for å vere meir effektive i kamp, men klarte ikkje å halde god orden i slikt fjellterreng. Nokre soldatar gjekk over til dei andre og dei tre korpsa gjekk til åtak i ei enkelt kolonne. Vêret gjorde at det var særs mørkt denne dagen, og ei tjukk tåke dekte redutten. Franskmennene klarte å snike seg inn til 50 meter frå fienden utan å verte oppdaga. Ei kraftig skotutveksling opna kampen. Franskmennene var i ope lende og tok imot store salvar. Dei kjempa i meir enn fire timar, berre nokre meter frå fienden, før dei til slutt måtte trekke seg tilbake. Givrì ønskte å halde fram kampen og sende inn ein utkvilt bataljon. Åtaket sette nytt mot i franskmennene som igjen nådde palisadane, men dei måtte nok ein gong trekke seg tilbake med store tap. Givri, som vart hardt skadd i hofta under det andre åtaket, gav mennene sine ordre om tilbaketrekking.

Sidan ordren kom midt i kampen ønskte soldatane i regimentet til Poitou å halde fram kampen, og bad om flagget. Dette var ein farleg augneblink sidan kulene føyk overalt. Danois gav ordre om tilbaketrekking sidan mange av dei høgare offiserane anten var drepne eller hardt skadde, men soldatane ville ikkje lyde. Dei visste at tilbaketrekkinga ville verte farleg, og valde å gå for palisaden i staden for. Dei var heldige med at oberst Salis forlet posisjonen sin ei lita stund, og gjekk til åtak på redutten frå baksida. Denne handlinga avgjorde slaget, for då sardiniarane snudde seg får å stoppe åtaket til soldatane, gjekk ei ny gruppe franskmennene til åtak i forkant og tvinga sardiniarane til å overgje seg.

Slaget var over kl. 23 den 19. juli 1744. Den sardinske hæren mista 1350 mann, og dei franske tapa var òg store.

Karl Emmanuel III fjerna alt artilleri frå forta i San Carlo og Bertola an Chateau då han høyrte om nederlaget. Han gjekk til Chateau Dauphin og tok imot dei 200 overlevande frå Caval-massakren. Karl forlet så Chateau Dauphin og gjekk til Sampeyre, der han møtte general Guibert. Han gav òg ordre til riddarane frå Cumiana om å evakuere Mairadalen. Marquis de Frabosa vart bede om å forlate Sturadalen og dra til forsvarslinja ved Castigliole-Saluces, der hovudhæren venta. Den døde Pierrelongue vart gravlagd på slagmarka og dei skadde vart frakta til Chateau Dauphin. Dei franske skadde vart oppdaga i ruinane av redutten på Cavallo.

Danois, som no var kommandør, gav soldatane sine tre dagar slik at dei kunne plyndre det dei fann ved Bellino og Chateau Dauphin. Morgonen den 20. juli kom franske soldatar til desse to landsbyane og plyndra hus og kyrkjer. I Bellino tok dei livet av to menn og i Chateau Dauphin fann dei dei etterlatne forsyningane til dei sardinske styrkane. Landsbyen Pontechianale vart spart på grunn av generøsiteten til Danois, men dei måtte gje 50 mann i åtte dagar for å transportere skadde franske soldatar bort frå fronten. Givri vart frakta til Lyon og døydde eit par dagar seinare av skadane han fekk.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Comte de Gages kom fram for seint med den spanske armeen, men skreiv til kollegaene sine. «Kanskje vi igjen får høvet til å måle oss med det motet franskmennene viste i denne krigen, men ingen arme vil nokon gong vise eit slikt høgsinn som eg såg ved Casteldelfino». Conti skreiv i ein rapport til Ludvig XV av Frankrike at «det var den mest strålande og livlege kamphandlinga eg nokon gong har sett. Mennene der synte eit mot hinsides all menneskelegheit.»

Medan slaget ved Casteldelfino pågjekk, flytta den spansk-franske hovudhæren seg mot sardiniarane i Sturadalen og klarte med kløkt å kome seg forbi dei fiendtlege skansane langs Stura di Demonte. Dei allierte hadde klart å nå slettene sør i Piemonte. Dette slaget vert i dag stundom kalla «Slaget ved Pierrelongue», for å skilje det frå det tidlegare slaget ved Casteldelfino, som fann stad i oktober 1743.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]