Pfaueninsel

Koordinatar: 52°26′N 13°08′E / 52.433°N 13.133°E / 52.433; 13.133
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slott på Pfaueninsel

Pfaueninsel ('Påfugløya') er ei øy i elva Havel nær Wannsee i Berlin i Tyskland. Øya er ein populær feriestad.

Palmenhaus auf der Pfaueninsel bei Potsdam, Carl Blechen, 1832-1834

Fram til 1689 stod glasverket til glasmakaren Johannes Kunckel på øya. På denne tida vart øya kalla «Kaninchenwerder» ('Kaninøya'). Aust for øya ligg det ei mindre øy kalla Schwanenwerder ('Svaneøya').

I 1793 kravde den prøyssiske kongen Fredrik Vilhelm II øya som ein del av Hohenzollern-dynastiet og bygde eit menasjeri og ein dyrehage her, der ein mellom anna hadde påfugl. Mot slutten av 1700-talet fekk han bygd eit slott på Pfaueninsel for grevinna Wilhemine von Lichtenau.

Palmenhaus ('Palmehuset') tok fyr av ukjende årsaker i 1880 og brann ned. Ein meinte at brannårsaka kunne ha vore ein gneiste frå skorsteinen sidan Palmenhaus var bygd av tre. Det vart ikkje bygd opp att, og i dag står berre grunnmuren att.

I etterkrigstida høyrte Pfaueninsel til Vest-Berlin i bydelen Zehlendorf, som i dag vert kalla Steglitz-Zehlendorf. Øya er framleis rik på natur og har frittgåande påfuglar, medan andre eksotiske fuglar sit i bur. Heile øya er rekna som eit naturreservat, og sidan [990 har ho stått på UNESCO si verdsarvliste i lag med slottet og parkane i Potsdam-Sanssouci og Berlin-Glienicke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°26′N 13°08′E / 52.433°N 13.133°E / 52.433; 13.133