Phil Ochs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phil Ochs

Fødd19. desember 1940
FødestadEl Paso
Død9. april 1976 (35 år)
DødsstadFar Rockaway
FødenamnPhilip David Ochs
OpphavUSA
Aktiv1962–1976
Sjangerfolkemusikk, Protestsong, folkrock, singer-songwriter-musikk, Barokkpop
Instrumentgitar, vokal, klarinett
PlateselskapElektra Records, A&M Records
Verka somsongar-låtskrivar, songar, låtskrivar, gitarist, lyrikar

Phil Ochs (fødd Philip David Ochs19. desember 19409. april 1976) var ein amerikansk protestsongar (eller som han sjølv sa, ein «aktuell songar») tidleg på 1960-talet, kanskje mest kjend for songar som Power and Glory, There But for Fortune, Changes, When I’m Gone og I Ain’t Marching Anymore.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Phil Ochs blei fødd i El Paso i Texas, han voks opp i ein upolitisk familie frå middelklassa. Han studerte journalistikk ved Ohio State University, men hoppa av etter eit år. Han flytta deretter til New York City og blei ein del av folkemusikkmiljøet i Greenwich Village.

Han stakk seg fram som ein upolert, men veldig emosjonell songar som skreiv ironiske, triste og gripande tekstar om Vietnam-krigen, arbeidarklassekamp og andre tema frå samtida. Ochs blei gjerne kalla ein «syngande journalist» og sa at han bygde songane sine frå artiklar han las i Newsweek. Det er tvilsamt om han meinte akkurat det, -han var ein stor ironikar, som alltid hadde ein skeiv replikk på lur når han introduserte songane sine. Den ironiske haldninga gjennomsyrar alt han skreiv. Det er truleg dette som gjer at tekstane skil seg frå den alminnelege politiske retorikken som er så vanleg i sosialistisk kunst.

Ideologisk var han ein slags fridommeleg sosialist, som knytte seg tydeleg til tradisjonen i amerikansk arbeidarrørsle. Han kan kanskje skildrast som ein krysning av sosialdemokrat og tidleg hippie. Ochs var aktiv i YIP-rørsla (Youth International Party) og samarbeida tett med aktivistar som Jerry Rubin. Samfunnskritikken hans var alltid sterkt patriotisk, i ein amerikansk liberal tradisjon, samtidig som han var sosialt bevisst. Han opererte heilt tydeleg i ei forlenging av tradisjonen etter Woody Guthrie.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Ochs skreiv mange fleire songar enn han rakk å spele inn på sine første tre album, «All the News That's Fit to Sing» (1964), «I Ain't Marching Anymore» (1965), og «Phil Ochs in Concert» (1966), men albuma representerer likevel noko av det beste arbeidet hans.

To tradisjonelle sjangrar som Ochs bidrog til i byrjinga var snakke-blues (talking blues) og musikalsk fortolking av gammal poesi, eksempelvis Alfred Noyes' The Highwayman og Edgar Allan Poes The Bells. I løpet av byrjinga av karrieren hans sa kompisen Bob Dylan: «Eg kan rett og slett ikkje halde følgje med Phil. Han blir berre betre og betre.»

I sitt siste studioalbum, «Pleasures of the Harbor» (1967), «Tape from California» (1968), «Rehearsals for Retirement» (1969), og den ironisk titulerte «Greatest Hits» (1970), gjekk han i frå meir og meir aktuelle songar og eksperimenterte med ensemble og til og med fullt orkester i håpet om å skape ein hybrid mellom populærmusikk og folkemusikk. Han kjøpte seg til og med ein gull-lame dress av same type som den Elvis hadde brukt. Forsøket blei ikkje godt mottatt nokon stad.

Dei mest populære melodiane frå desse albuma var Outside of a Small Circle of Friends, Chords of Fame, Pleasures of the Harbor, Crucifixion, og Jim Dean of Indiana, men ingen blei populære eller selde i store mengder, sjølv om Small Circle of Friends ofte blei spelt i radioen før den blei bannlyst ettersom den inneheldt setninga at «det å røyke marihuana var morosamare enn å drikke øl». Det var det nærmaste han kom ei listeplassering.

Politisk aktivist[endre | endre wikiteksten]

Som ein livslang filmtilhengjar arbeida han inn, spesielt den unge Ochs, forteljingar om rettferd og opprør som han hadde sett i filmar, inn i musikken sin. Han blei derfor forferda da den store helten hans, John Wayne, omfamna og forsvarte Vietnam-krigen i filmen The Green Berets som Ochs såg på som blind patriotisme.

Ochs var djupt uroleg for utviklinga av Vietnam-krigen. Han turnerte også saman med den chilenske folkesongaren Víctor Jara og song saman med Chiles president Salvador Allende før presidentvalet og før Allende og Jara blei myrda i 1973. Ochs organiserte konsertar for å protestere mot den politiske høgrevridinga under president Richard Nixon og spelte inn igjen sin gamle og sarkastiske song Here's To The State Of Mississippi med ein ny tekst som blei kalla for Here's To The State Of Richard Nixon.

Etter at han døydde blei det avslørt at FBI hadde ei mappe på 410 sider om Phil Ochs.

Helse og død[endre | endre wikiteksten]

Phil Ochs levde nært på dei politiske hendingane, ein som følte sterkt og brann sitt lys i begge endar, og fekk betale for overtydinga si. Han blei etterkvart intenst skuffa over mangelen på kommersiell suksess og han vart råka av alkoholisme, skrivesperre og depresjon i ein stadig tettare sirkel. Den ironiske tonen i tekstane hans blei stadig mørkare, og enda i ein heilsvart kritikk av amerikansk kultur i songar som «When in Rome». Etter demonstrasjonane og politivalden under det demokratiske landsmøtet i Chicago i 1968, der han og Jerry Rubin sjølv hadde kjøpt inn grisen som demonstrantane nominerte til presidentkandidat, ser det ut til at han mista trua på dei demokratiske amerikanske ideala tekstane hans alltid refererte til.

I 1976 tok Phil Ochs livet sitt ved å henge seg. I tillegg til grunnane nemnd overfor var han djupt deprimert over ein alvorleg skade i halsen. Da han hadde turnert i Afrika blei han overfallen av bandittar i Dar-Es-Salaam. Dei forsøkte å kvele han, og det øydela stemmebanda hans delvis.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Phil Ochs sine songar har vore spelte inn og framførte av fleire artistar, som Jim and Jean, Joan Baez, Billy Bragg, Teenage Fanclub, Ani DiFranco, Dick Gaughan, Eugene Chadbourne, John Wesley Harding, Eddie Vedder, Diamanda Galas, Freddie Feldman og They Might Be Giants og andre.

Jello Biafra og Mojo Nixon spelte inn ein versjon av Love Me, I'm a Liberal med oppdatert tekst på albumet «Prairie Home Invasion». Britiske The Clash brukte noko av teksten til Ochs sin song United Fruit i sin eigen song Up in Heaven (Not Only Here) som blei utgjeven på trippel-albumet «Sandinista!» frå 1980. Ochs blir også nemnd i Dar Williams’ song All My Heroes Are Dead, tilsvarande også med Will Oldhams song Gezundheit, og ein song av They Might Be Giants, The Day. The Josh Joplin Group spelte inn ei hyllest til Ochs på albumet «Useful Music».

Schooner Fare spelte inn Don't Stop To Rest (Song for Phil Ochs) på albumet «Closer to the Wind» (1981). Punkebandet Squirrel Bait siterar Ochs som ein vesentleg kreativ påverknad i albumnotatata på 1986-albumet Skag Heaven og spelar ein av songane hans, tittelsongen frå «Tape From California»-albumet hans.

Plateutgjevningar[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum og konsertinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]