Philip Larkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Philip Larkin

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. august 1922
Coventry
Død

2. desember 1985 (63 år)
Kingston upon Hull

Yrke journalist, lyrikar, bibliotekar, romanforfattar, skribent, musikkjournalist, musikkritikar, kritikar
Sjanger lyrikk
Medlem av Royal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences
Philip Larkin på Commons

Philip Arthur Larkin (9. august 19222. desember 1985) var ein engelsk diktar, romanforfattar og jazzkritikar. Han vert rekna mellom dei største britiske diktarar på 1900-talet, og vart tilboden stillinga som riksdiktar, men sa nei takk.

Larkin er kjend for det dystre livssynet diktinga hans syner, og for at ho er skriven med veldig klassisk teknikk, men samstundes er veldig folkeleg. Fyrste diktsamlinga hans var North Ship, men han vart fyrst kjend med andre samlinga, The Less Deceived. Han har fleire gonger vorte vald som beste poet i folkerøystingar.

Oppvokster og utdanning og tidleg karriere i England[endre | endre wikiteksten]

Philip Larkin vart fødd i Coventry i 1922. Far hans, Sydney Larkin, var bykasserar, og hadde sterke nazistsympatiar. Mor hans, Eva Emily Day, var ei stille kvinne, og var dominert av mannen sin. Larkin fekk heimeskulering fram til han var åtte. Deretter gjekk han på King Henry VIII Junior School og seinare King Henry VIII School. Han var ikkje særleg skuleflink før dei siste åra. Han skreiv ofte for skuleavisa, The Coventrian, mellom anna fleire dikt. Då utmerkte han seg i engelsk og historie.

Larkin hadde dårleg syn, og slapp difor unna militærteneste. Han fekk studieplass i 1940 ved St. John's College i Oxford, for å lesa engelsk, og som ein av få fekk han studera dei tre åra som hadde vore vanleg før krigen (mange av studentane las kortare tid, grunna militærteneste). Ved universtitetet møtte han mellom anna Kingsley Amis, og dei to vart vener for livet. Han skreiv ein del dikt medan han var på universtitetet, og dyrka og interessa for jazz som han hadde byrja allereie i barndomen. Han og Amis og nokre andre vener danna ein uformell klubb, kor dei las dikta sine for einannan og lytta til jazz. Larkin tok avgangseksamen i 1943, og fekk (til si eiga overrasking) god karakter og ein toppgrad. Han byrja òg på romanen Jill.

Etter universitetet flytta han heim til foreldra i Coventry, og heldt fram med Jill. Han fekk etter ei stutt tid arbeid som bibliotekar i eit lite offentleg bibliotek i Wellington, Shropshire, i november 1943. Han las no til eksamen som bilbiotekar, og skreiv både på Jill og ein del dikt. Ti av desse vart gjevne ut i samlinga Poetry from Oxford in Wartime i 1945. Seinare same året, etter mange freistnader hjå ulike forlag, fekk han samlinga The North Ship gjeve ut. Ho vakte ikkje stor merksemd, og vart berre meldt i éi avis. Det var òg medan han arbeidde i biblioteket i Wellington at han gjekk inn i sitt fyrste romantiske tilhøve, til Ruth Bowman. I 1946 fekk han ei stilling som underbibliotekar ved universitetsbiblioteket ved University College i Leicester. Jill vart gjeve ut i 1946, og året etter kom romanen A Girl in Winter. Korkje av dei fekk særleg merksemd då dei kom ut, men A Girl in Winter vart godt motteke der ho vart merkd i det heile. I mars 1948 døydde far til Larkin av kreft, og i 1949 vart Larkin kvalifisert som medlem av bibliotekarforeininga i England.

Seinare karriere og heider[endre | endre wikiteksten]

I september 1950 vart Larkin universitetsbibliotekar ved Queen's University i Belfast. Her byrja han å skriva dikt att, og i 1951 fekk han trykt opp 100 eksemplar av ei lita samling, XX Poems, som han sendte til vener. I denne perioden blomstra òg kjærleikslivet hans, og han hadde fleire forhold, somme av dei med gifte kvinner.

22. mars 1955 byrja Larkin i stillinga som hovudbibliotekar ved University of Hull. Denne stillinga heldt han til han døydde i 1984. Oktober same året vart diktsamlinga The Less Deceived gjeven ut. Ho vart inkludert i The Times si liste over årets beste bøker, og fekk mykje merksemd. Denne samlinga er den fyrste i det Larkin såg på som sine «vaksne verk», og flestalle dikta vart skrivne medan han budde i Belfast.

I 1956, etter å ha budd eit år i småe, leigde rom, flytta Larkin inn i eit toppetasjehusvær som var eigt av universitetet. Utsynet frå dette husværet er inspirasjonen for diktet High Windows. I denne tida, og fram til 1978, hadde Larkin ei rekkje romantiske tilhøve, ofte som mange som tre om gongen. Frå tidleg 1978 var Larkin i eit monogamt tilhøve til Monica Jones, ein akademikar. Tilhøvet mellom dei tok til allereie den siste tida Larkin var i Leicester.

Frå 1961 var Larkin jazzkritikar i avisa Daily Telegraph, og i 1964 kom diktsamlinga The Whitsun Weddings. Ogso denne vart godt motteken, med mykje kytt i media. Året etter mottok Larkin prisen The Queen's Gold Medal for Literature for samlinga. I 1970 fekk han ei eittårig stilling som gjesteforelesar ved All Soul's College i Oxford, og i 1973-4 var han gjesteforelesar ved St. John's College. Gjenom desse stillingane hadde han tilgang til ei rad publikasjonar som elles var vanskelege å skaffa, og i 1973 kom diktantologien The Oxford Book of Twentieth Century English Verse. Samlinga inneheldt somme mindre røynde diktarar, og somme uortodokse val, og vart motteken med blanda reaksjonar. Samlinga inneheldt mellom anna ein god del dikt av Thomas Hardy, og spela ei viktig rolle i å kveikja interessa for Hardy som diktar.

I 1974 kom den siste diktsamlinga hans Larkin, High Windows. I 1975 vart han utnemnd til Commander of the British Empire. I 1977 kom diktet «Aubade», truleg det mest røynde av dikta hans, og det siste større diktet han gav ut.

I 1984 mottok han ein doktorgrad i litteratur frå University of Oxford, og då Sir John Betjeman døydde same året, vart han tilbode stillinga som riksdiktar, men takka nei, truleg både av di han mykje plaga av sjukdom, av di han hadde slutta å produsera seriøse dikt fleire år før, og av di han ikkje ynskte publisiteten som fylgde med ei slik æresvising. Han døydde 2. desember 1985 av strupekreft, kort tid etter at han vart utnemnd til den prestisjetunge Order of the Companions of Honour.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dikt og romanar

  • North Ship (1945)
  • Jill (1946)
  • A Girl in Winter (1947)
  • XX Poems (1951)
  • The Less Deceived]] (1955)
  • The Whitsun Weddings (1964)
  • High Windows (1974)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.