Philipp Jacob Spener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philipp Jacob Spener, 1683

Philipp Jacob Spener (13. januar 16355. februar 1705) var ein tysk teolog og ein av grunnleggjarane av pietismen. Han var dessutan slektsforskar og grunnleggjar av den vitskaplege heraldikken. Spener var fødd i Rappoltsweiler i Elsass og døydde i Berlin.

Pia Desideria eller Fromme ønske[endre | endre wikiteksten]

Spener var frå omkring 1670 med å opprette såkalla collegia pietatis, grupper av kvinner og menn som samla seg i lag med presten til oppbyggelege møte utanom gudstenestene i kyrkja.[1]

Pia Desideria frå 1675 er rekna for Speners viktigaste verk. På den tida hadde den lutherske ortodoksien dominert det protestantiske Tyskland i meir enn hundre år. Pia Desideria vart skriven som føreord til ei nyutgiving av Johann Arndt si bok Den sanne kristendom. Det er rekna for pietismens programskrift, og inneheldt tre hovuddelar:

  1. Den forderva tilstanden i den evangeliske kyrkja - om manglar hos øvrigheita, hos prestane og det jamne folket
  2. Kan tilstanden bli betre?
  3. Konkrete framlegg for å rette på det som er feil

For Spener var sjølvfornektinga ei grunnutfordring i kristendommen. Prestane skulle ikkje arbeide for personleg rikdom og ære, men utelukkande for Guds ære og frelsa for kyrkjelyden. Om berre prestane kunne leve etter dette, ville den haldninga smitte over på alminnelege menneske. Dette lekfolket vart viktig for pietistane. Men først måtte folket få bukt med drukkenskapen. Vidare måtte dei få bukt med trongen til rettsprosessar, og heller dra lærdom av eigedomsfellesskapet i dei første kristne kyrkjelydane.

For Spener var ikkje kristendom kunnskap, men handling.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Philipp Jacob Spener: Pia desideria – Umkehr in die Zukunft, Brunnen Verlag Giessen, 1995, ISBN 3-7655-9065-7

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jürgen Beyer: Doktor Speners fingernagel. Om pliktläsning på resor, i: Biblis. Kvartalstidskrift för bokvänner 61 (2013), s. 72–76.
  • Ludwig Biewer: «Philipp Jakob Spener als Heraldiker - Ein kleiner Beitrag zu dem 300. Todestag eines großen Theologen» i: Der Herold (Vierteljahresschrift des "Herold" - Verein für Heraldik, Genealogie und verwandte Wissenschaften zu Berlin), Bd. 16, Heft 17/2005, pp. 493 seqq.
  • Reinhard Breymayer: «'Der "Vater des deutschen Pietismus" und seine Bücher. Zur Privatbibliothek Philipp Jakob Speners», i: Bibliothecae selectae da Cusano a Leopardi, a cura di Eugenio Canone. Leo S. Olschki Editore, Firenze 1993 (Lessico Intellettuale Europeo, 58), pp. 299 - 331.
  • Johannes Wallmann: Philipp Jakob Spener und die Anfänge des Pietismus, Mohr (Siebeck) Tübingen 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Utdrag av tilsvarande artikkel på dansk wikipedia.
  • Per Eriksen i Vårt Land 31. mars 2008: «Hva ville pietistene?»

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar Molland: Kristne kirker og trossamfund, 1976, side 237.