Philipsburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philipsburg
Phillipsburg St Maarten.jpg
Styresmakter
Land Sint Maarten
Grunnlagd 1763
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

1 338

Philipsburg er hovudstaden og den største byen i Sint Maarten. Byen fungerer som det kommersielle sentrum av øya St. Martin, der Sint Maarten er den sørlege halvdelen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Philipsburg vart oppdaga av Kristoffer Columbus 11. november 1493, men allereie før han kom til øya budde ein indiansk folkegruppe der. Byen vart grunnlagt i 1763 av John Philips, ein skotsk kaptein i den nederlandske marinen, og vart snart eit travelt sentrum for internasjonal handel.

Prinsesse Juliana internasjonale lufthamn[endre | endre wikiteksten]

For mange har fotograferinga av fly som landar på Prinsesse Juliana internasjonale lufthamn, vest for Philipsburg, vorte ein stor grunn i seg sjølv til å besøke Sint Maarten.

Grunna den korte rullebana må flya fly i uvanleg låge høgder, om lag 10-20 meter, over stranda Maho Beach.

Når flya tek av skapar dei kunstige bølgjer i sjøen. Det kan vere farleg, så dei lokale styresmaktene har sat opp åtvaringar på gjerda rundt flyplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]