Philly Joe Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Joseph Rudolph Jones (15. juli 192330. august 1985) var ein av dei fremste amerikanske beboptrommeslagarane.

Jones var fødd i Philadelphia, og fekk tilnamnet «Philly» for å skilje han frå Count Basie sin trommeslagar «Papa» Jo Jones. Philly Joe flytta til New York i 1947. Han starta i husbandet på Café Society, der han fekk sjansen til å spele med Charlie Parker, Dizzy Gillespie og Fats Navarro. Han jobba også regelmessig med mellom andre Ben Webster og Lionel Hampton, men vart først og fremst kjend som trommeslagaren i Miles Davis sin første kvintett i tida 1955-1958. I Davis sitt band utmerka Jones seg som ein trommeslagar med store tekniske ferdigheiter, ein hardtdrivande groove og eksplosive soli.

Etter han var ferdig med Davis, gjekk Jones vidare til andre bandleiarar, og han spelte også inn fleire plater som bandleiar. I 1968 flytta han til London, der han underviste i musikk. Då han reiste attende til USA, heldt han fram med å spele, men han fekk på langt nær så stor merksemd som han hadde hatt i tida med Miles Davis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]