Phong Nha-Ke Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phong Nha-Kẻ Bàng
Tien Son-hola
Phong Nha-hola

Phong Nha-Ke Bang (vietnamesisk Vườn quốc gia Phong Nha-Kẻ Bàng) er ein nasjonalpark i Vietnam. Parken vernar ein av dei to største karstregionane i verda med ei rekkje grotter. I 2003 vart han ført opp på UNESCO si verdsarvliste.

Området inneheld mange holer og grotter, men berre 20 av 70 km av dei er kartlagt enno av vietnamesiske og britiske vitskapsfolk. Av desse er 17 i Phong Nha-området og tre i Kẻ Bàng-området.

Parken har teke namnet sitt frå Phong Nha-hola, den vakraste av alle holene med sine mange fascinerande bergformasjonar, og Kẻ Bàng-skogen.[1]

Platået er truleg eit av dei beste og mest karakteristiske eksempla på komplekse karst-landskap i Søraust-Asia.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vietnam å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.