Phormium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Phormium
New Zealand flax


Phormium tenaxNew Zealand flax
Phormium tenax
New Zealand flax

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Dekkfrøplantar
Klasse: Einfrøblada plantar
Orden: Aspargales
Familie: Xanthorrhoeaceae
Slekt: Dagliljefamilien
Art: Phormium
Artar
Vitskapleg namn
Phormium

New Zealand flax peikar på dei vanlege newzealandske fleirårige plantane Phormium tenax og Phormium cookianum, som māoriane kalla høvesvis harakeke og wharariki. Dei skil seg tydeleg ut frå plantane som på den nordlege halvkula er kjende som lin (Linum usitatissimum) (engelsk flax), men arten vart kalla 'flax' av dei engelskspråklege europearane, fordi ein også kunne nyttiggjera seg fibrane i denne planten.

New Zealand flax dannar lange bladfiber som har spela ei viktig rolle i newzealandsk kultur, historie og økonomi. Phormium tenax veks naturleg på New Zealand og på Norfolk Island, medan Phormium cookianum er endemisk på New Zealand. Båe artane har vorte vidt spreidde i tempererte delar av verda, både som kommersielle fiberplantar og som prydplantar[1].

Naturvitskapsmannen Jacques Labillardière samla stadeigne flax-plantar då franske skip vitja dei nordlege delane av Nordøya på New Zealand i 1793. Han hadde lagt merke til dei mange måtane māoriane brukte planten på, og i 1803 gav han det vitskaplege namnet Phormium, som tyder korg eller flettekorg, og tenax, som tyder fastleik,, eller å halda fast til planten.

Phormium tenax veks for det meste i sumpar eller lågtliggjande lende, men er i stand til å veksa nær sagt over alt, og er også mykje dyrka i hagar, som ein eviggrøn dekorativ plante, både på New Zealand, og etter kvart elles i verda. Phormium tenax er ein urteaktig fleirårig einfrøblada plante. Klassifiseringa av einfrøblada plantar har gjennomgått betydeleg revisjon det seinaste tiåret, og dei siste klassifikasjonssystema (inkludert Angiosperm Phylogeny Group) har funne at Phormium tenax er nær i slekt med dagliljer (Hemerocallis). Phormium tenax høyrde tidlegare til familien Agavaceae, og fleire klassifikasjonssystem plasserer enno planten der.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Blomane på Phormium tenax har same krumminga som nebbet til den nektaretande fuglen tuihonningetar på biletet.

Dei faste, sverdforma blada veks opp til tre meter i lengde og 125 mm i breidde. Blada er vanlegvis mørkt grøne, men har stundom farga kantar og sentrale ribber. Kultiverte sortar vekslar frå ljost grønt gjennom rosa til djup raudbrun bronse. Der er mange spraglute kultivarar med blad som er markerte med kontraststriper i nyansar av grønt, raudt, bronse, rosa og gult.

Dei stive blomestenglane kan verta opp til fem meter lange, og strekkjer seg høgt over bladverket. I november (på New Zealand) dannar det seg klynger av bogeforma røyrliknande blomar som vert ljost raude når dei mognast. Dei dannar uvanleg store mengder av nektar for å trekkja til seg nektaretande fuglar som til dømes tuihonningetar, og insekt. Frøkapslane som dannar seg etter pollineringa inneheld kvar hundrevis av frø som seinare vert vidt spreidde med vinden.

Brukt av māoriar[endre | endre wikiteksten]

māorifolket kom til New Zealand, hadde dei med seg papirmorbærtreet (Broussonetia papyrifera), der dei brukte borken til material for klede. Dette treet treivst ikkje, og dei fann ei erstatning i dei lokale flaxplantane. Kaptein James Cook skreiv: «Av blada til desse plantane, og med svært lite preparering, lagar dei (māoriane) all deira vanlege klesbunad, og dei lagar også strenger, liner og tauverk…» Dei laga òg korger, matter og fiskenett av flax. Māoriane brukte ein avansert veveteknikk når dei laga kapper av phormiumfibrar[2].

Høvdingen Hone Heke og kona hans, Hariata, er kledde i kapper laga av fibrar frå Phormium tenax. Ca. 1845.

Fletting og veving (raranga) av flaxfibrar til korger var berre to av talrike bruksområde māoriane hadde for desse plantane, dei kjende nær 60 variantar, og dyrka omsorgsfullt plantane sine over heile landet.

Blada vart avskorne med ein skarp musling eller spesielt forma steinar, ofte grønstein (jade eller ponamu), nede ved rota til plantane. Den grøne kjøtfulle substansen i blada vart skrapa av, også dette med eit muslingskjell, og fibrane gjekk gjennom fleire prosessar med vasking, bleiking, mjukgjering, farging og turking.

Fibrane, av ulik styrke, vart brukte til å laga ålefeller (hinaki), overraskande store fiskegarn (kupenga) fuglesnarer, og liner, tauverk, korger (māorispråk kete), vesker, matter, klede, sandalar (paraerae), bøtter, matkorger (rourou), kokeutstyr etc.

Phormium cookianum og fuglen tuihonningetar.

Flaxfiberen, som vert kalla muka, vert omstendeleg vaska, banka og handvridd for at han skal vera mjuk mot huda. Muka whenu (snorer) er grunnmaterialet for intrikate kākahu (kapper/klesplagg) som til dømes kahu huruhuru (fjørkappe), eit svært ettertrakta tradisjonelt plagg. Kapper pynta med fargerike fjører frå innfødde fuglar, til dømes huja Heteralocha acutirostris, kiviar (Apteryx), tui Prosthemadera novaeseelandiae, maoridue Hemiphaga novaeseelandiae og kākā Nestor meridionalis, har i namna sine referanse til den fuglen som er brukt, til dømes Kahu Kiwi, Kahu Kākā, etc.

Dei handlaga kordellane og taua av flax var så sterke at dei godt kunne brukast til å binda saman delar av uthola stokkar for å laga store, havgåande kanoar (waka). Dei vart også nytta til å laga riggar, segl og lange ankertrosser, og til hustak.

Frynsete endar av flaxblad vart forma til faklar og ljos til bruk om natta. Dei turka blomestilkane, som er svært lette, vart bundne saman med flaxband for å laga flåtar (mokihi) til bruk på elver.

Tradisjonell medisin[endre | endre wikiteksten]

I hundrevis av år har māoriane brukt nektar frå blomane som søtingsmiddel. Mangfaldige medisinske bruksområde gjorde planten endå viktigare i dagleglivet til māorifolket.

Kokte og knuste harakekerøter vart lagde på utvortes som omslag for byllar, svullar og verk og for stell av åreknutesår.

Saft frå dei knuste røtene kunne brukast som som desinfeksjonsmiddel, eller det vart drukke for å hjelpa mot forstoppelse eller for å driva ut småmark. Det skal også ha vore brukt ved kule- eller bajonettsår.

Den kvaeliknande plantesafta frå harakeke inneheld enzym som verkar i blodlevring (koagulasjon) og har antiseptiske eigenskapar som som er til hjelp i tilhelingsprosessar. Māoriane var klåre over dei lækjande eigenskapane til safta, og at ho verka mildt anestetisk, og dei brukte henne til byllar, ulike sår, verketenner, ved revmatiske og tilsvarande smerter, ved ulike hudirritasjonar, ved skålding og til brannsår.

Utstyr til spjelking kunne skaffast frå korari (blomestilkar) og blad, og fine trådar av mukafiber gjorde seg nytte av dei blodstillande eigenskapane til safta før dei vart nytta til å sy sår. Harakekeblad kunne brukast til bandasjar, og kunne støtta opp brotne bein på lag som gips vert brukt no. Knust bladmasse vart også brukt til såromslag.

Bruk som papirfiber[endre | endre wikiteksten]

Sidan kolonitida har fibrane frå Phormium tenax vorte brukte i framstillinga av papir. Det er fleire gonger undersøkt om det kan setjast i gang kommersiell produksjon. For tida vert fibrane brukte av kunstnarar og handverkarar som framstiller handlaga papir.

Forsvarsbruk[endre | endre wikiteksten]

Under dei tidlege muskettkrigane og seinare under New Zealand-krigane, brukte māoriane store, tjukt vevde flaxmatter for å dekkja til inngangsportar og utkiksopningar i sine befesta . Somme krigarar bar kapper av tungt og tett fletta Phormium tenax, som gav liknande vern som ein mellomalders rustning, og som til og med skulle kunna bremsa muskettkuler såpass at dei såra heller enn drap.

Internasjonal handel[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i det nittande hundreåret var kvaliteten på tauverk laga av New Zealand flax alt internasjonalt kjend[3], like eins var kvaliteten til newzealandske tre som vart nytta til rundholtar og master, og den britiske marinen var ein av dei aller største kundane.

Handelen med flax blomstra, særleg etter at mannlege māori oppdga føremonane med handelen, og og vande seg til å delta i innhausting og tillaging av flax, noko som tidlegare berre hadde vore gjort av kvinner, «Heile stammar flytta stumdom til sumpane der flax vaks i overflod, men der det utvilsomt ikkje var helsesamt å halda til. Det vart meir vanleg å ta slavar - slavar som kunne setjast i arbeid med å tilverka flax...»[4].

Handelen med flintlåsmuskettar førte til våpenkappløp mellom stammane, og dei påfølgjande konfliktane, kjende som muskettkrigane, øydela mange stammar.

Ved FoxtonNordøya var det ein aktiv industri som hausta og tilverka flax inntil etterspurnaden avtok under depresjonen i 1930-åra. Der var også eit vitskapleg program leia av John Stuart Yeates ved Massey University (dåverande Massey College) i nærleiken.

Kultivarar[endre | endre wikiteksten]

I dei seinare åra har det vakse fram ei mengd kultivarar frå Phormium. 2005-2006-utgåva av Royal Horticultural Society sin Plant Finder rekna opp 75 stykke. Så tidleg som i 1920-åra var det kjent at ploiditet spelar ei rolle i somme kultivarar[5].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Extraction, content, strength, and extension of Phormium variety fibres prepared for traditional Maori weaving, New Zealand Journal of Botany, 2000, Vol. 38: s. 469.
  2. John Gillow and Bryan Sentance, World Textiles: A Visual Guide to Traditional Techniques, London: Thames & Hudson, 2004, p. 64, 220.
  3. "History of the Phormium Fibre Export Trade", 1966 "An Encyclopaedia of New Zealand"
  4. Christina A. Thompson (1997). A dangerous people whose only occupation is war: Maori and Pakeha in 19th century New Zealand. Journal of Pacific History 109-119.
  5. Papers Past — Evening Post — 21 December 1929 — FLAX RESEARCH. paperspast.natlib.govt.nz (2011 [sist oppdatert]). Vitja 19. februar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]