Piæ Cantiones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelbladet til Piæ Cantiones

Piæ Cantiones (latin for 'fromme songar') er ei samling andelege mellomaldersongar som kom ut i 1582. Ho er rekna som den eldste songboka frå Norden. Songane vart samla frå Katedralskulen i Åbo og prenta i Greifswald, som då høyrde til Sverige. Dei 74 songane er hovudsakleg på latin, men har òg noko svensk tekst. I samlinga finn ein mellom anna dei kjende julesongane «In dulci jubilo» («Eg synger jolekvad»), «Puer natus in Betlehem» («Eit barn er født i Betlehem»), «Personent hodie» og «Gaudete».

Førstesida av «Resonet in laudibus».

Den fullstendige boktittelen er Piæ Cantiones ecclesiasticae et scholasticae veterum episcoporum, 'Fromme geistlege og lærde songar etter dei gamle biskopane'. Songane blei skrivne ned av Theodoricus Petri, ein finsk student ved universitetet i Rostock, og redigerte og gjevne ut av Jacobus Petri Finno, eller Jaakko Suomalainen, rektor ved katedralskulen i Åbo. Songane i samlinga er delte inn etter emne, som fødselen til Jesus, treeininga og det akademiske livet. Nokre av songane har tydeleg mellomaldersk, medan andre stammar frå seinrenessansen. Om lag halvparten av songane kan knytast til musikk frå andre stader i Europa, medan andre berre finst i denne samlinga. Andre stammar truleg frå Finland eller Norden elles.

Samlinga skil seg ut gjennom å vera eit samarbeid mellom den katolsksinna Petri og den lutheranske Finno kort tid etter reformasjonen, i ei tid prega av religiøs strid. Nokre av songane ber preg av dette, gjennom at fleire tilvisingar til jomfru Maria er blitt bytta ut med namnet Jesus. I andre høve står det katolske preget att, som i «Ava Maris Stella».

Det eldste gjenverande eksemplaret av Piæ Cantiones er oppbevart ved Jyväskylä universitet. Samlinga blei gjeven ut på nytt i 1625, med eit tillegg på 13 nye songar av ein komponist frå Rostock, Daniel Friderici. Gjennom dei neste hundreåra blei Piæ Cantiones trykt fleire gonger, og songane har lenge vore brukte i finske skular. På 1800-talet danna songane utgangspunkt for fleire engelske songar, i nokre høve omsetjingar, i andre høve nydiktingar til dei eldre songane, som julesongen «Good King Wenceslas» til vårmelodien «Tempus adest floridum».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Piæ Cantiones

Kjelder[endre | endre wikiteksten]