Pia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«O pia» frå den katolske bøna «Salve Regina» på golvet i domkyrkja i Speyer.

Pia er eit kvinnenamn med opphav i det latinske ordet pius, 'from, respektfull, heiderleg'. Pia kan òg vera eit slektsnamn.

Pius er eit kjend pavenamn. «Pia» er knytt til Jomfru Maria, som i den katolske bøna «Salve Regina» som endar «O clemens, O pia, O dulcis Virgo Maria».

Pia har namnedag den 22. februar i Sverige og den 12. desember i Noreg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet er kjent over store delar av verda. Det er særleg utbreidd i Danmark, der det var det 17. mest brukte med 24 866 brukarar, 0,91 % av alle kvinner. I Finland same året heitte 13 698 eller 0,52 % Pia og 7 116 eller 0,27 % Piia. I Sverige heitte 23 328 eller 0,51 % Pia i 2006.

I Noreg heitte 2 820 kvinner Pia i 2008. Bruken av namnet har vore i vekst sidan 1940, med toppar rundt 1970, 1990 og 2005, då bruken som døypenamn var rundt 0,30 %.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Pia som slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

  • Pascal Pia, fødd Pierre Durand (1903-1979), fransk forfattar

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

  • Pia de’ Tolomei er namnet på ein opera av Gaetano Donizetti. Hovudpersonen Pia bygger på ein skikkelse i Inferno av Dante.
  • 614 Pia er namnet på ein hovudbelteasteroide.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]