Pianosa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pianosa | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Tyrrenhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dei toskanske øyane |
| Areal | 10 km² |
| Høgaste punkt | Pianosa (22 moh) |
| Administrasjon | |
| Land | Italia |
| Region Provins |
Toscana Livorno |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Pianosa er ei lita øy i Dei toskanske øyane i Italia med eit areal på 10 km². Namnet kjem frå det italienske ordet «pianura» (slette) fordi det høgaste punktet berre er 22 meter over havet. I antikken vart ho kalla Planasia.
Pianosa har ikkje permament busetnad, men er kjend i Italia for det særs sikre fengselet som ligg her, der spesielt farlege mafiamedlemmer sit fanga. I historien er ho kjend for staden der Augustus forviste barnabarnet og eks-arvingen Postumus Agrippa i år 6 eller 7 e.Kr. Postumus var her fram til han vart avretta om lag då Augustus døydde i år 14.
Av administrative årsaker er Pianosa ein del av Elba kommune. På klåre dagar kan ein sjå Elba som ei mørk, blå stripe over lysare blått hav.
I romanen Catch-22 av Joseph Heller har ein amerikansk bombeskvadron base på øya under den andre verdskrigen. Øya er derimot større i romanen for å ha plass til ein rullebane og har òg ein liten landsby, motsetnad til den verkelege øya.
Det finns òg ei anna, mindre øy kalla Pianosa utafor den italienske Adriatarhavskysten nord for Monte Gargano.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pianosa frå Engelsk Wikipedia .

