Pianist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pianospel)
James Rhodes, ein klassisk pianist.

Pianist eller pianospelar er ein musikar som spelar piano. Ein profesjonell pianist kan framføre solostykke, akkompagnere song eller soloinstrument eller spele med eit orkester eller mindre musikalske samansetjingar (ofte kalla kammermusikk). Pianospel kan lett kombinerast med at ein syng, og det finst fleire artistar som syng og speler piano samstundes.

Dei fleste pianistar spesialiserer seg i større eller mindre grad i å framføre verk av visse komponistar eller innan ein avgrensa sjanger. Ein kan til dømes fokusera på musikk frå barokken, romantikken, jazz eller blues. Den kanadiske pianisten Glenn Gould er til dømes kjend for sine tolkingar av Bach, medan norske Morten Gunnar Larsen har utmerkt seg med framføringar av ragtime og tidleg jazz.

Klassiske konsertpianistar startar vanlegvis å spele piano i svært ung alder, nokre så tidleg som i treårsalderen. Det finst fleire døme på pianospelande «vedunderbarn», det vil seia ungar som oppnår stor dugleik på piano i ung alder.

Mange velkjende klassiske komponistar var også dyktige pianistar. Wolfgang Amadeus Mozart, Ludwig van Beethoven, Franz Liszt, Johannes Brahms, Frédéric Chopin, Edvard Grieg, Agathe Backer Grøndahl, Isaac Albéniz, Benjamin Britten, Sergej Rakhmaninov, George Gershwin og Geirr Tveitt var alle velrenommerte klaverspelarar.

'Pianisten' av Ljubov Popova.

Pianistar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Pianospelarar har hovudroller i fleire filmar, som i Pianoet (The Piano) frå 1993, Pianisten (La pianiste) frå 2001, etter ein roman av Elfriede Jelinek, og Pianisten (The Pianist) frå 2002, etter eit memoar av Władysław Szpilman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «no:Pianist» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2008.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.