Piatra Craiului-fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudryggen til Piatra Craiului-fjella
Utsyn mot hovudryggen
Utsyn frå Saua Crapaturii mot Valea Crapaturii

Piatra Craiului-fjella er ei fjellkjede i Dei sørlege Karpatane i Romania. På rumensk tyder Piatra Craiului 'Bergkongen'. Fjella er forma som ein smal og sagliknande rygg med ei lengd på 25 km. Den høgaste toppen er Vârful La Om på 2238 meter over havet.

Det tar to dagar å krysse ryggen frå nord til sør til fots. Ein kan starte ved anten Plaiul Foii i nordvest eller Curmătura i nordaust. Stien er forholdsvis utrygg langs dei smale delane av ryggen. Turen ned på sørsida går gjennom eit karstlandskap med djup kløfter og bratte fjellsider med vatn som trengjer ut gjennom ei rekke grotter.

Tredimensjonal framstilling av Piatra Craiului-fjella.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Massivet grenser i vest til Dâmboviţadalen med Păpuşa-massivet på andre sida. I nordvest renn elva Bârsa og Curmătura Foii med Făgăraşfjella på andre sida og i aust ligg fjella Bucegi og Leaota på andre sida av Bran-Rucăr-passet. I sør møter dalane til elvane Dâmboviţa og Dambovicioara kvarandre i Podul Damboviţei-senkinga.

Naturvern[endre | endre wikiteksten]

Heile kjeda er ein del av Parcul Naţional Piatra Craiului (Piatra Craiului nasjonalpark).

Området vart første gong verna i 1938 då eit 4,4 km² vart erklært eit naturreservat. Dette vart seinare utvida til 148 km².

I nasjonalparken finn ein om lag 300 artar sopp, 220 artar lav, 100 forskjellige typar mose, 1100 overordna planter (ein tredjedel av alle planteartane i Romania), 50 av desse er endemiske for Karpatane og to er endemiske for Piatra Craiului.

Det er òg to endemiske edderkoppartar, 270 sommarfuglartar, amfibium og reptilar, 110 fugleartar (50 står på lista til Bernkonvensjonen og seks på lista til Bonnkonvensjonen), 17 flaggermusartar, gemse og andre planteetarar, samt rovdyr som ulv, brunbjørn og gaupe.

Tilgang[endre | endre wikiteksten]

Zărneşti er den næraste byen om ein skal vitje nasjonalparken eller den nordlege delen av massivet. Byen ligg 28 km frå byen Braşov langs veg eller jernbane. Frå Zărneşti går det ein 11 km lang veg til fjellhytta Plaiul Foii, som er eit flott utgangspunkt for turar langs ryggen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°32′N 25°13′E