Piauí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Piauí
delstat
flagg
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Hovudstad Teresina
Folketal 2 750 000
Nettstad: http://www.piaui.pi.gov.br/

Piauí er ein delstat nordaust i Brasil som grensar mot delstatane Pará, Tocantins, Bahia, Pernambuco og Paraíba og Ceará. Delstadshovudstaden er Teresina.

Piauí blei kolonisert av portugisarar på 1600-talet. Økonomien er hovudsakleg basert på landbruk, og kvegdrift er dominerande.

Piauí har eit tropisk klima. Ein stor del av delstaten består av det halvtørre Sertão-landskapet. Mesteparten av delstaten har eit halvtørt klima med periodevis regn frå desember til april og tørke resten av året. Store delar av landskapet er dekte av kratt kalla caatinga.

Piauí har den kortaste kystlinja av alle delstatane i Brasil, på berre 66 km. Delstatshovudstaden Teresina er også den einaste hovudstaden i den nordaustre delen av Brasil som ikkje ligg ved kysten. Årsaka til dette er at i motsetning til nabodelstatane blei Piauí først kolonisert i innlandet og ikkje frå vatnet.

Kart over Oeiras i Piauí frå 1758.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delstaten har mange svært viktige arkeologiske utgravingar, mellom anna nasjonalparken Serra da Capivara, som er rik på fornminne frå førhistoriske indianske sivilisasjonar. Holemåleri viser ein sivilisasjon som går 25 000 år tilbake i tid.

Dei første europeisk-ætta innbyggjarane i Piauí var bandittar som flykta frå delstaten São Paulo. Dei best kjende er truleg Domingos Afonso Mafrense og Domingos Jorge Velho. Mafrense skipa det som i dag er byen Oeiras, mens dei første kvegflokkane blei ført inn i delstaten av Velho.

På 1600-talet skipa mange fattige adelsmenn og jesuitt-prestar seg i delstaten. Det same gjorde afrikanske og indianske slaver. Landeigarar frå nabodelstatane Maranhão og Bahia som søkte nye landområde for kvegdrift, etablerte seg også i delstaten i denne perioden.

Flyfoto av Teresina og elva Poti.

Teresina var den første planlagde brasilianske byen. Med utgangspunkt i eit sjakkbrett blei byplanen teikna av ein arkitekt i 1852. Byen ligg ved elvane Parnaíba og Poti. Han er kjend som «den grøne byen» på grunn av alle mangotrea som veks ved sidene av bygatene.

Andre byar i Piauí er Parnaíba og Oeiras.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Piauí

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.