Pic Sans Nom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pic Sans Nom | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 3 913 m |
| Ligg i/på | |
| Fjellkjede | Dauphiné-Alpane |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Pic Sans Nom (3913 m) er eit fjell i Massif des Écrins i dei franske Alpane. Det ligg om lag midt i det bratte fjellmassivet som strekker seg frå sørvest for Mont Pelvoux til Ailefroide. Fjellets lange ryggar med bratte avgrunnar mot nord botnar i Glacier Noir. Skråningane mot sør, med dei einaste og rimeleg greie topprutene, går ned mot dei to brearmane Glacier du Coup de Sabre og Glacier de Sialouze. Pic du Coup de Sabre (3699 m) sørvest for fjellet vert rekna som ein del av Pic Sans Nom.
- Denne artikkelen bygger på «Pic Sans Nom» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.