Pic de Néouvielle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pic de Néouvielle
Pic de Néouvielle - Austsida av Pic de Néouvielle frå lac d'Aumar
Austsida av Pic de Néouvielle frå lac d'Aumar
Høgd over havet 3091 moh
Ligg i/på Hautes-Pyrénées
Flag of France.svg Frankrike
Fjellkjede Pyreneane
Koordinatar 42°50′08″N 0°06′54″E
Fjelltype Granitt
Førsteklatring 10. juli 1847 av Vincent de Chausenque og guiden Bastien Teinturier
Lettaste rute Frå lac d'Aubert (F)

Pic de Néouvielle er eit fjell i Néouvielle-massivet i Pyreneane i Frankrike. Fjellet har ei høgd på 3091 meter over havet.

Fjellet ligg i kommunen Saint-Lary-Soulan i departmentet Hautes-Pyrénées og ligg på grensa mellom Pyreneane nasjonalpark og Néouvielle nasjonalpark. Namnet Pic de Néouvielle kjem frå nèu vielha, som tyder 'gammal snø' på oksitansk. Innbyggjarane i Vallée d'Aure kallar fjellet la montagne d'Aubert.

Fjellet har fire kløfter, der det ligg nokre små isbrear. Mellom dei går skarpe granittryggar. Sørsida av fjellet er ein 400-500 meter høg vegg som dominerer over den djupe dalen ved Lac de Cap-de-Long. Pic Ramougn ligg på austryggen av fjellet.

Den første kjende klatringa av Pic de Néouvielle vart gjort 10. juli 1847 av Vincent de Chausenque og guiden Bastien Teinturier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]