Piccadilly-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Piccadilly-linja er ei linje i London Underground. Den går på djupt nivå, mellom det nordaustlege og det vestlege London, men store delar av strekninga går i dagen. Den blei opna i 1906, og heitte opphavleg Great Northern, Picadilly & Brompton Railway. Den har mørk blå farge på undergrunnskartet.

Det var eigentleg planlagt tre separate linjer, Great Northern and Strand Railway, Brompton and Piccadilly Circus Railway og Deep-Level District. Desse skulle saman gå mellom Finsbury Park og Hammersmith. Under planlegginga blei desse slått saman til ei linje.

I 1930-åra blei den kraftig utvida. Den tok over delar av skjenegangen til District-linja til Hounslow West undergrunnsstasjon og Uxbridge undergrunnsstasjon i vest og til Cockfosters undergrunnsstasjon i nordaust. Stasjonane på desse utvida strekningane er kjende for art deco-dekorasjonane sine.

I 1977 blei Hounslowgreina utvida til Heathrow Central. I 1984 blei denne stasjonen døypt om til Heathrow Terminals 1, 2, 3 undergrunnsstasjon, då linja blei utvida til Heathrow Terminal 4 undergrunnsstasjon. I januar 2005 blei stasjonen ved terminal 4 stengd på grunn av arbeid med ein framtidig stasjon ved terminal 5, ein ny del av flyplassen som då var under utbygging.

Frå 1907 til 1994, med unnatak av åra under andre verdskrig, gjekk det eit kort grein frå Holborn til Aldwych.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Piccadilly-linja

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Frå vest til aust

Uxbridge-greina

Heathrow-greina

Fellesstrekning