Pierre-Gilles de Gennes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre-Gilles de Gennes
Pierre-Gilles Rice University.jpg
Pierre-Gilles de Gennes
Fødd 24. oktober 1932
Paris i Frankrike
Død 18. mai 2007 (74 år)
Orsay i Frankrike
Nasjonalitet Fransk
Område Faststofffysikk, mjuke materiale
Institusjonar ESPCI
Collège de France
Paris-Sud 11 University
Alma mater École Normale Supérieure
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1991)
Lorentzmedaljen (1990)
Wolfprisen (1990)

Pierre-Gilles de Gennes (24. oktober 193218. mai 2007 ) var ein fransk fysikar og nobelprismottakar i fysikk. Han arbeidde hovudsakleg med nøytronspreiing og magnetisme.

Han studerte ved École Normale Supérieure etter å ha fått heimeundervisning i 12 år. Etter studiene jobba han som forskingsingeniør ved Commissariat à l'Energie Atomique.

I 1959 vart han postdoktor ved University of California i Berkeley. Deretter var han dei neste 27 månadane i den franske marinen. I 1961 vart han amanuensis i Orsay. I 1968 byrja han å studere flytande krystall.

Han var direktør ved École Supérieure de Physique et de Chimie Industrielles de la Ville de Paris (ESPCI) frå 1976 til 2002. Han vart tildelt Lorentzmedaljen og Wolf-prisen i 1989. I 1991 fekk han Nobelprisen i fysikk for «å oppdaga at metodar som er utvikla for å studera andre fenomen i enkle system kan generaliserast til meir komplekse materieformer, særskilt til væske-krystallar og polymerar.».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]