Pierre-Paul Prud'hon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keisarinne Josephine, 1805

Pierre-Paul Prud'hon (4. april 175814. februar 1823) var ein fransk målar og teiknar frå Cluny, best kjend for sin allegoriske måleri og portrett. Han var ein leiande kustnar i overgangen mellom nyklassisismen og romantikken.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Prud'hon lærde målaryrket i heimtraktene. År 1784 vann han Prix de Rome og reiste til Italia for å utdanne seg vidare. I motsetnad til sin samtidige Jacques-Louis David vart han ikkje så mykje påverka av motetrenden nyklassisismen. Derimot tok han sterke inntrykk av kunsten til Leonardo og særleg Correggio. Etter han vende tilbake til Paris fekk Prud'hon mange målaroppdrag for rike og mektige folk.

Prud'hon sine måleri og portrett er utført i ein mjuk, romantisk og allegorisk stil. Han var teiknelærar til og hoffmålar hos Joséphine de Beauharnais, den fyrste kona til Napoleon. Mellom dei mest kjende måleria hans er eit portrett av henne, der ho vert framstilt som ei attraktiv kvinne og mindre som ei keisarinne. Rettferda og den guddommelege hemn fordømer brotsverket frå 1808 er ein vellukka kombinasjon av barokke og klassiske element, med eit moralsk innhald. Hans kanskje mest kjende bilete er Krossfestinga frå 1822.

Han døydde i Paris i 1823.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pierre-Paul Prud'hon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon, 1996