Pierre Bonnard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre Bonnard

Pierre Bonnard, (3. oktober 186723. januar 1947) var ein fransk kunstmålar, grafikar og illustratør.

Bonnard vart fødd i Fontenay-aux-Roses og døydde i Le Cannet i Sør-Frankrike. Bonnard vart tidleg interesert i latin, gresk og filosofi, men òg i teikning og fargar. Etter farens ynske studerte han til juridicum, og arbeida som jurist fram til 1891. Samstundes med jusstudia studerte han på L'Académie Julian, ein privat skule i målarkunst og skulptur i Paris, og vart oppteke på l'École des Beaux-Arts, der han møtte målaren Édouard Vuillard, og elles vart kjent med kunsten til mellom andre Paul Gauguin, Edgar Degas, Claude Monet og Paul Cézanne med fleire. Han slutta seg til kunstnargruppa Les Nabis, ei postimpresjonistisk avantgardrørsle med intellektuelle og spirituelle ambisjonar, med mellom andre Vuillard, Maurice Denis, Félix Vallotton som deltakarar; målarisk la rørsla stor vekt på å sublimere det daglegdagse, forenkle formene og skape intensitet i fargane. Bonnard var interessert i japansk kunst, og påverka av denne kunsten i så stor mon at han fekk tilnamnet «Nabi japonard». Han var dessutan sterkt påverka av ideane til Paul Gauguin.

I 1893 hadde han møtt Maria Boursin, som kalla seg Marthe De Meligny. Ho vart modellen hans og seinare kona hans. Martha døydde i 1942.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]