Pierre Deligne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deligne i 2005

Pierre René Deligne (fødd 3. oktober 1944) er ein belgisk matematikar.

Han arbeidde ved Institut des Hautes Etudes Scientifiques i Paris frå 1968, og vart professor ved Institute for Advanced Studies i Princeton i USA i 1984. Deligne vart tidleg kjend då han fann løysinga til tre kjende formodningar sett fram av André Weil. Dette omfatta ei blanding av algebraisk geometri og algebraisk talteori og gjorde at Deligne fekk Fieldsmedaljen i 1978. Løysingane til Deligne kravde innføring av ein ny type algebraisk topologi. Deligne har òg arbeidd med andre problem innan mange område av matematikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]