Pierre Le Moyne d'Iberville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre Le Moyne d'Iberville 1661-1706.jpg

Pierre Le Moyne d'Iberville (fødd 16. juli 1661 i Ville-Marie, no Montreal i Canada, død 9. juli 1706 i HavannaCuba),[1][2] var ein soldat, skipskaptein, utforskar, koloniadministrator, riddar av Saint-Louis-ordenen, eventyrar, sjørøvar, kjøpmann og grunnleggjar av den franske kolonien Louisiana i Ny-Frankrike. [2] Han er truleg den mest kjende personen frå Ny-Frankrike og den første store kanadiske eventyraren som var fødd i Nord-Amerika.

Han var den tredje sonen til Charles Le Moyne, som kom frå Dieppe i Frankrike og var lord i Longueuil i Canada. Mora heitte Catherine Primot. Han var den eldre broren til vitskapsmannen Jean-Baptiste Le Moyne de Bienville. Han vart òg kalla Sieur d'Iberville

Pierre Le Moyne d'Iberville var med å grunnleggje fleire byar i dagens USA, som Biloxi i Mississippi (1699) og Mobile i Alabama (1702). Iberville leia eit felttog på Newfoundland 1696-1697 og deltok i slaget i Hudsonbukta mot ein britisk skvadron.

Iberville leia i 1706 ei rekkje suksessfulle åtak mot den britiske øya Nevis under den spanske arvefølgjekrigen. Han reiste så til HavannaCuba for å få forsterkingar frå Castilla for eit åtak på Carolina. Han døydde derimot i Havanna av gul feber.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Pierre Le Moyne, Sieur d'Iberville" (biography), Catholic Encyclopedia, 1907, webpage: CathEnc-7614b: gives datos (16 July 1661; d. at Havana, 9 July 1706)
  2. 2,0 2,1 "Le Moyne d'Iberville", Dictionary of Canadian Biography Online, 2009.