Pierre Puvis de Chavannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotografi av Puvis de Chavannes, frå ca 1890
Ungjentene og døden, 1872
Draumen, 1883

Pierre Cécile Puvis de Chavannes, (14. desember 182424. oktober 1898) var ein fransk kunstmålar. Sett vekk frå dei tidlege verka, vert arbeida hans rekna til symbolismen. Han laga mange veggmåleri til offentlege bygningar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Puvis de Chavannes var fødd i Lyon, familien hans var av øvre middelklasse. I 1844 reiste han til Paris, der han studerte hos Eugène Delacroix og særleg Thomas Couture.

Han påverka ein heil generasjon kunstnarar. Georges de Feure var ein av dei følgde han nærast. Bilethoggaren Auguste Rodin var kanskje den som henta mest inspirasjon frå Puvis de Chavannes sine arbeid. Også skandinaviske kunstnarar mottok sterke impulsar, dei danske målarane Anna Ancher og Marie Triepcke var av dei som i Paris gjekk i lære hos Puvis de Chavannes. Den svenske prinsen, Eugen, studerte hos han åra 1887-89.

Juryen i Paris-salongen avviste måleri frå hans hand i åtte år, før han endeleg i 1861 fekk sitt gjennombrot med verka Concordia og Bellum. Særleg viktig for Puvis de Chavannes var det at den franske regjeringa kjøpte inn eit av arbeida hans til muséet i Amiens.

Puvis de Chavannes er mellom anna kjend for sine freskomåleri. Nokre ab desse kan i dag sjåast på til dømes rådhusa i høvesvis Paris og Poitiers, på Sorbonne, og Panthéon i Paris. Dessutan finst fresker i USA, som på biblioteket i Boston i Massachusetts. Måleri på lerret finst i mange US-amerikanske og europeiske galleri. Arbeida hans vert oppfatta som grunnleggande symbolistiske.

I 1890 var han med å grunnleggje den nasjonale kunstforeininga i Frankrike, kalla 'Société Nationale des Beaux Arts'. Han var første formannen i foreininga. Frå 1926 har kunstforeininga stått for utdelinga av prisen 'Prix Puvis de Chavannes'.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Saint-Sébastien, 1854, 61,5 x 51 cm.
  • Orphée, 1896, 67 x 46,5 cm, Oslo, Nasjonalgalleriet.
  • Homère (la Poésie épique), 1896, 126 x 62 cm, Boston, Museum of Fine Arts.
  • La Madeleine, 1897, 116,5 x 89,5cm, Budapest.
  • La Gardeuse de chèvres, 1893, 86 x 54 cm, Mâcon.
  • Doux Pays, 1882, 230 x 428 cm, Bayonne, Musée Bonnat.
  • Retour de Chasse, 1859, 345 x 295 cm, Musée des Beaux-Arts de Marseille.
  • L'Eté, 1891, 150 x 232 cm, Cleveland, Cleveland Museum of Art.
  • Les Baigneuses, vers 1890, 55,4 x 35,5 cm, Toronto.
  • Les Jeunes filles et la mort, 1872, 146 x 105 cm, Williamstown.
  • Vie de sainte Geneviève, 1879, Cambridge i Massachusetts.
  • Le Pauvre Pêcheur, 1881, 155,5 x 192,5 cm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pierre Puvis de Chavannes