Pietro Locatelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pietro Locatelli
Locatelli.png
Cornelis Troost (1696-1750)
mezzotint, ca. 1733 MGG[1]
Verkeleg namn Pietro Antonio Locatelli
Fødd 3. juli 1695, Bergamo
Død 30. mars 1764 (68 år), Amsterdam
Instrument fiolin
Sjanger barokkmusikk
Yrke komponist, konsertfiolinist, musikkforleggar

Pietro Antonio Locatelli (fødd 3. september 1695 i Bergamo, død 30. mars  1764 i Amsterdam) var ein italiensk fiolinvirtuos og komponist.

Som 16-åring reiste han til Roma der han kan ha studert under Corelli. Etter ca ti år i Roma reiste Locatelli gjennom Europa og gav konsertar før han til slutt slo seg ned i Amsterdam i 1729.

Locatelli skreiv hovudsakleg for fiolin: fiolinkonsertar, fiolinsonatar, ein cellosonate, triosonatar, 12 concerti grossi og ei samling fløytesonatar op.2. Den tidlege stilen hans er inspirert av Arcangelo Corelli, seinare verk ligg nærare Vivaldi. Locatelli var ein viktig fiolinteknisk nyskapar og ein forløpar for Niccolo Paganini.

L'Arte del Violino (Amsterdam 1733) var ein av dei mest innflytelsesrike musikkpublikasjonane tidleg på 1700-talet[2]. Det er ei samling tolv fiolinkonsertar for strykarar og basso continuo med ein «capriccio» for fiolin utan akkompagnement sett inn i den første og siste satsen i konserten. Desse virtuose stykka er i praksis utskrivne solokadensar, men vert i dag ofte spelte som sjølvstendige stykke.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bergamo[endre | endre wikiteksten]

Barndomen til Locatelli er nærast ukjent. I den tidlege ungdomen hans var han tredjefiolinist med tittel «virtuoso» i cappella musicale ved kyrkja Santa Maria Maggiore i Bergamo[3]. Dei første fiolinlærerarane hans var truleg Ludovico Ferronati og Carlo Antonio Marini, begge medlemmer av orkesteret og kjende musikarar. Komposisjonslære kan han ha fått formidla av Maestro di Cappella, Francesco Ballarotti[4]. Hausten 1711 søkte han om løyve til å forlate Bergamo, noko styresmaktene gav han med merknad om at han reiser «med gode skussmål [...] til Roma for (der) dra nytte av sitt yrke»[5][6].

Roma[endre | endre wikiteksten]

Frå hausten 1711 studerte Locatelli i Roma, kanskje ei kort tid hos Arcangelo Corelli som døydde i januar 1713, men meir truleg hos florentinaren Giuseppe Valentini, som ein meiner var elev av Corelli. Valentini og Locatelli reiste på denne tida saman rundt i Italia[7]. Eit brev frå Locatelli datert 17. mars 1714 til sin «Carissimo signor Padre» i Bergamo viser at Locatelli på denne tida var fast tilsett ved fyrsten Michelangelo Caetani sitt hoffkapell. Mellom 1716 og 1722 var han dessuten medlem av Congregazione generale dei musici di S. Cecilia og var dermed verna av den adelege prelaten og seinare kardinalen Camillo Cybo[8]. Ut over det finst det dokumentasjon på at Locatelli bisto i andre adelshus i Roma, til dømes ofte for kardinal Pietro Ottoboni i kyrkja San Lorenzo e San Damaso – siste dokumenterte tilfelle var 7. februar 1723[9].

Locatelli debuterte som komponist medan han var i Roma: i 1721 dukka hans XII Concerti grossi op. 1, tileigna Camillo Cybo, opp i Amsterdam[10].

Reiseår[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1723 og 1728 reiste Locatelli gjennom Italia og Tyskland, med Mantova, Venezia, München, Dresden, Berlin, Frankfurt am Main og Kassel som kjente stoppestader. Truleg stammer mesteparten av verka hans for konsertbruk frå denne tida, spesielt fiolinkonsertane og dei tilhøyrande capricci. Det finst knapt rapporter om framføringane hans, men det er rimeleg å tru at framføringane av konsertane la grunnlaget til ryktet Locatelli hadde som fiolinvirtuos[11].

At Locatelli arbeidde for regenten i Mantova, landgreve Philipp von Hessen-Darmstadt, framgår av eit dokument frå 1725 der Locatelli vert omtalt som «Nostro Virtuoso». Det er derimot ukjent kor ofte han spelte og kva posisjon han hadde ved det mantovanske hoffet[12].

Likeeins finst det dokumentasjon som viser at Locatelli var i Venezia, men tidspunktet og kva han gjorde der er ukjent[13].

Om opphaldet til Locatelli i München finst det berre ein notis: Den 26. juni 1727 «betalte kurfyrstens musikkdirektør den vitjande virtuosen Locatelli tolv dobbelte gylden for ein opptreden»[14][15].

Eit knapt år seinare, i mai 1728, var Locatelli gjest ved det prøyssiske hoffet i Berlin. Truleg var han i eskorten til August den sterke av ca 500 personar, mellom andre Johann Georg Pisendel, Johann Joachim Quantz og Silvius Leopold Weiss – som var komen frå Dresden til Potsdam[16]. Ei forteljing om framføringa til Locatelli for Fredrik Vilhelm I av Preussen har anekdotiske trekk og skildrar Locatelli som ein sjølvmedviten og forfengeleg musikar iført staselege, diamantbesette klede. Det adelege publikum skal likevel ha føretrekt filonispelet til Johann Gottlieb Graun føre Locatelli sitt[17].

Ei oppføring i familiealbumet til ein rik autografsamlar dokumenterer at Locatelli var i Frankfurt am Main den 20. oktober 1728. Oppføringa inneheld ein miniatyr av «andante» frå Sonata III, op.2 for eit klaviaturinstrument[18][19].

Den siste kjente stoppestaden under reiseåra var Kassel. Etter ein opptreden[20] ved hoffet til landgreve Karl av Hessen-Kassel den 7. desember 1728 mottok Locatelli den særs gode betalinga av 80 riksdalar. Organisten Wilhelm Lustig fortalte i 1786 at Locatelli på sin fiolin hadde «"gnikka" store vanskar for å forbløffe tilhøyrarane»[21][22].

Amsterdam[endre | endre wikiteksten]

Engelse Kerk, Begijnhof
Foto: Amsterdam Municipal Department for the Preservation and Restoration of Historic Buildings and Sites (bMA)

I 1729 slo Locatelli seg ned i Amsterdam, og her vart han resten av livet. Han komponerte lite, gav fiolinundervisning til amatørar, og redigerte sine op. 1 til 9, og verk av andre musikarar. Frå ei brevveksling mellom Locatelli og Giovanni Battista Martini veit ein at han gjorde Martinis op. 2 trykkeferdig[23]. Hans lite kjente offentlege og halvoffentlege framføringar var berre opne for musikkelskarar; profesjonelle musikarar hadde ikkje tilgang. Ein engelskmann som høyrte han i 1741 skreiv at det skuldast at han var redd dei skulle lære knepa hans: «[...] he is so afraid of People Learning from him, that He won't admit a Professed Musician into his Concert»[24].

Dei velståande musikkelskarane i Amsterdam gjorde det mogeleg for dyktige virtuosar å tene særs godt. Det nye byborgarskapet av rike forretningsmenn og leiarane i byen danna grunnlaget for ei ny gruppe mesénar. Medan den gamle europeiske adelen heldt permanente representative hoff med fast tilsette musikarar og behov for stadig nye komposisjonar, nøyde det nye byborgerskapet seg med nokre kjente og anerkjente komposisjonar som dei kunne medverke på framføringane av. Namnet til Locatelli som virtuos og komponist var slik at han med forholdsvis få verk kunne leve godt av å vere ein virtuos solist føre eit orkester av amatørar[25]. I 1741 innretta han ei verksemd for import og sal av italienske fiolinstrengar i huset sitt[26], kanskje gjennom agenturet til elskarinna, enka etter ein italiensk kjøpmann i Amsterdam[27]. I 1742 vart den skattbare inntekta hans estimert til 1500 gylden - det var den høgaste inntekta nokre Amsterdam-basert musikar var oppført med[28]. Det finst ikkje ei einaste skildring om framføringane hans i perioden frå 1744 (då han publiserte op.8) til 1762 (då han publiserte op.9). Kvifor har det så langt ikkje vore mogeleg å forklare[28].

Locatelli døydde 30. mars 1764 i heimen sin i Prinsengracht. Han er gravlagt i den engelske kyrkja (Begijnhof) i Amsterdam[29].

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste arkivet med kjeldemateriale om Locatelli låg i Darmstadt og vart øydelagd under den andre verdskrigenen[30], og det sparsame kjeldematerialet gjer at inventaret han etterlet seg kan bidra til å fylle ut biletet om han. Dei ulike føretaka til Locatelli skaffa han ein stor formue, og han etterlet seg mange utmerka musikkinstrument, eit kostbart bibliotek og ei stor samling kopperstikk[31]. Biblioteket bestod av over tusen titlar og viser at Locatelli hadde omfattande interesse for litteratur og vitskap. Samlinga omfatta ornitologiske, teologiske, kyrkjehistoriske, politiske, geografiske, kunstteoretiske og matematiske bøker. Alle viktige skjønnlitterære forfattarar frå og med Dante var representert med deira samla verk. Den musikkteoretiske litteraturen strekte seg tilbake til 1500-talet. Av ein mengde musikkstoff fann ein mellom anna dei samla verka til Corelli. Ei stor samling bilete av alle nederlandske, italienske og franske meistrar viser at Locatelli òg var ein kjenner av biletkunst. I det heile viser boet at Locatelli var ein mann med ein omfattande allmenndanning. Alt vart seld på auksjon i august 1765.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Då Locatelli slo seg ned i Amsterdam i 1729 var byen sentrum for den europeiske musikkforlagsindustrien. Han gav ut opp. 2 til 6, op. 8 og op. 9, såvel som ei nyutgåve av op. 1 i Amsterdam og op. 7 i nabobyen Leiden. Han var særs omhyggeleg med å sikre at utgavene var feilfrie. Verk for store besetningar overlet han til forskjellege forlag, dei mindre editerte og selde han sjølv.

Ikkje berre op. 1 stammer frå den tidlege perioden hans, ein meiner at det òg gjeld op. 3, og i det minste delar av op. 2, og opp. 4 til 8. Locatelli skaffa seg privilegium på trykking som skulle gje vern mot piratkopiering og import av illegale utgjevingar. I samband med dette privilegiet skildra han seg som «Italiaanisch Muziekmeester woonende te Amsterdam»[32][33]. Eit av vilkåra var at han gav eit gratiseksemplar til Leidens Universitetsbibliotek. Dermed fekk førsteutgåvene ein sikker plass, og er bevart fram til i dag. Op. 9 vart derimot publisert etter utløpet av privilegieperioden og er tapt[34].

Samanlikning av
Locatelli op. 3, Capriccio 7 og
Paganini op. 1, Capriccio 1
"Trillo del Diavolo" frå op. 3, Capriccio 16

Verka til Locatelli kan grovdelast i følgjande kategoriar:

  • Verk rekna til eigen framføring som fiolinvirtuos
  • Representative verk for større ensemble
  • Kammermusikk og verk for små ensemble

Til dei virtuose verka høyrer fiolinkonsertane med dei tilhøyrande capricci og fiolinsonatane op. 6 med ein capriccio. Begge verka, framfor alt op. 3, spreidde - mellom anna gjennom piratutgåver og avskrifter - ryktet til Locatelli som den ultimate virtuos ut over heile Europa. Etter han døydde vart kaprisane hovudsakleg nytta som studie- og øvingsstykke for profesjonelle musikarar og vart lite oppført. Niccolò Paganinis Capriccio op. 1, nr. 1 viser ein tydeleg likskap med Locatellis Capriccio nr. 7[35].

Virtuositeten til Locatelli viser seg i kaprisane - dei krev spel i dei høgaste posisjonane, dobbeltgrep, akkordspel og arpeggiar i vide grep, flageolettar, trillar, dobbelttrillar, tostemt spel (Trillo del Diavolo), samt eit mangfald av bogestrøk og varierande bogeføringar[36].

Locatellis Concerti Grossi op. 1 og op. 7 såvel som dei frå op. 4 er tydeleg påverka av Corellis op. 6. Instrumentalmusikken til Locatelli er særs emosjonell - inntil nokre få tiår tidlegare vart intense emosjonar berre uttrykt gjennom vokalmusikk[37]. Med desse verka kan vi seie at den barokke ensemblekunsten var kome i ein manieristisk seinfase. Introduttioni teatrali op. 4 følgjer mønsteret for den typiske napolitanske operasinfonie[38].

Fløytesonatene op. 2, triosonatene op. 5, såvel som fiolinsonatene og triosonatene op. 8 var skrivne med Amsterdam-borgarane si musikalske verd i tankane, og med sin delvis galante stil etterkom den dei nyaste musikalske moteretninga på den tida[39].

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Opus 1: XII Concerti grossi à Quatro è à Cinque. Amsterdam 1721
  • Opus 2: XII Sonate à Flauto traversiere solo è Basso. Amsterdam 1732
  • Opus 3: L’Arte del Violino; XII ConcertI Cioè, Violino solo, con XXIV Capricci ad libitum. Amsterdam 1733
  • Opus 4: VI Introduttioni teatrali è VI Concerti. Amsterdam 1735
  • Opus 5: VI Sonate à Trè. (Amsterdam 1736)[40]
  • Opus 6: XII Sonate à Violino solo è Basso da Camera. Amsterdam 1737
  • Opus 7: VI Concerti à quattro. Leiden 1741
  • Opus 8: X Sonate, VI à Violino solo è Basso è IV à Trè. Amsterdam 1744
  • Opus 9: VI Concerti a quattro. Amsterdam 1762
  • Opera dubia (tvilsomme verk): fiolinkonsertar, symfonier, triosonater, fløyteduetter, fiolinsonater, en obosonate, en Capriccio i E for solofiolin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Die Musik in Geschichte und Gegenwart, bind 8, Kassel et altera 1960, Tafel 53, Abb. 1
  2. Albert Dunning. 1994. Notater til CD'en L'Arte del Violino, Hyperion CDA66721/3
  3. Dunning 1981: s. 22
  4. Dunning 1981: s. 26
  5. «con bona Ligenza [...] a Roma per aprofitare nella sua professione»
  6. Dunning 1981: s. 26-27
  7. Notater til CD'en Concerti Grossi op.1 Nos. 7-12, Naxos 8.553446
  8. Fulvia Morabito: spalte 357
  9. Dunning 1981: s. 56f
  10. Dunning 1981: s. 58
  11. Dunning 1981: s. 103
  12. Dunning 1981: s. 104-107
  13. Dunning 1981: s. 107
  14. „der fremde Virtuos Locatelli“ durch den „Directeur dei la Music“ des Kurfürsten für einen Auftritt mit zwölf doppelten Goldgulden bezahlt.
  15. Dunning 1981: s. 109f
  16. Dunning 1981: s. 111
  17. Dunning 1981: s. 111-116
  18. Fulvia Morabito: spalte 358
  19. Dunning 1981: s. 116f
  20. „gethaner Auffwartung“
  21. Locatelli habe „große Schwierigkeiten krächzend“ aus seiner Violine herausgeholt, um die „Zuhörer zum Verwundern zu bringen.“
  22. Dunning 1981: s. 118f
  23. Dunning 1981: s. 283-304
  24. Uroa til Locatelli var ikkje ugrunna, til dømes høyrte Heinrich Wilhelm Ernst førebilete sitt Niccolò Paganini fleire gonger og lærte seg å spele på Paganinis måte etter minne.
  25. Dunning 1981: s. 315
  26. Dunning 1981: s. 310 og 320f
  27. Notater til CD'en Concerti Grossi op.1 Nos. 7-12, Naxos 8.553446
  28. 28,0 28,1 Dunning 1981: s. 306
  29. Teresa Pieschacón Raphael: Notater til CD'en Concerti Grossi op.1 Nos. 7-12, Naxos 8.553446
  30. Anna Cattoretti: Notat til CD'en Concerti Grossi op.1 nr2.5.12, «Il Pianto d'Arianna» med meir, Opus Production,OPS 30-104
  31. Teresa Pieschacón Raphael: Notater til CD'en Concerti Grossi op.1 Nos. 7-12, Naxos 8.553446
  32. dvs «Italiensk musikkmeister busett i Amsterdam»
  33. Arend Koole: Pietro Antonio Locatelli i Die Musik in Geschichte und Gegenwart. Første utgåve, bind 8, Kassel et altera 1960, spalte 1076
  34. Dunning 1981: s. 358
  35. Dunning 1981: s. 172ff, 180ff, 186-189, 304
  36. Dunning 1981: s. 134-146, 304
  37. Anna Cattoretti: Notater til CD'en Concerti Grossi op.1 nr2.5.12, «Il Pianto d'Arianna» med meir, Opus Production,OPS 30-104
  38. Dunning 1981: s. 233ff
  39. Dunning 1981: s. 207, 210f u. 229
  40. Triosonater, tilegnet M. Leveston, en av hans elever og meséner.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dunning, Albert (red): Pietro Antonio Locatelli, Opera omnia, Kritische Gesamtausgabe in 10 Bänden, London/Mainz 1994, ISBN 978-0-946535-49-1
  • Dunning, Albert (red): Pietro Antonio Locatelli, Catalogo tematico, lettere, documenti & iconografia(Supplement til Kritischen Gesamtausgabe), Mainz 2001, ISBN 978-0-946535-40-8
  • Dunning, Albert (1981) (på de). Pietro Antonio Locatelli. Der Virtuose und seine Welt.. I. Buren. ISBN 90-6027-380-X. 
  • Morabito, Fulvio (2004). Blume, Friedrich. ed (på de). Die Musik in Geschichte und Gegenwart. 11 (2 ed.). Kassel et altera: Bärenreiter Metzler. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar