Pietro da Cortona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett
Det guddomlege forsynets triumf, 1633-39

Pietro da Cortona, eigentleg Pietro Berettini, (1. november 159616. mai 1669) var ein produktiv italiensk målar og arkitekt, aktiv under barokken. Ved sidan av Giovanni Lorenzo Bernini og Francesco Borromini var Pietro da Cortona den fremste representanten for den romerske høgbarokken.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Pietro Berettini var frå byen Cortona i Toscana, noko som etterkvart skulle vise att i namnet han vart omtalt med. Han gjekk fyrst i lære hos den florentinske målaren Andrea Commodi og arbeidde så frå 1613 hos Baccio Ciarpi i Roma. I Roma vart han kjend med verk av Rafael og beundra denne målaren, dessutan vart han ein beundrar av antikk målarkunst. I 1620 fekk Pietro eit oppdrag til Barberini-familien av mesenen sin, greven Marcello Sacchetti. Frå då av var paven Urban VIII oppdragsgjevaren hans. Tida 1633-39 måla Pietro det allegoriske takmåleriet Det guddomlege forsynets triumf i hovudsalen i Palazzo Barberini på Quirinalen i Roma.

Pietro, som mellom 1634 og -38 var styreleiar for det romerske kunstakademiet 'Accademia di San Luca', hadde stor makt over kunstlivet i Roma. Med sine livaktige freskomåleri, overfløymde av lys, vert han rekna som ein innovatør i utviklinga av takmåleriet under høgbarokken. Han er mest kjend for sine freskar, der han konkurrerte med mellom andre Andrea Sacchi.

Han er minst like kjend for sin arkitektur. I samtida var han mykje etterspurd, sjølv om han i dag ikkje får like mykje merksemd som Caravaggio, Bernini og Borromini. I eigenskap av arkitekt laga Pietro fleire kyrkjeprosjekt som vart stilskapande. Eit av hans viktigaste arkitektoniske verk er Santi Luca e Martina-kyrkja i Roma. Arbeidet med kyrkja, som står ved Forum Romanum, tok til i 1634 og vart fullført i 1664. Andre arkitektoniske verk som er verd å merke er fasaden til Santa Maria della Pace (1656-67), samt fasaden med den uvanlege loggiaen til Santa Maria i Via Lata.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pietro da Cortona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på svensk oppgav denne kjelda:

  • Wittkower, Rudolf, Art and Architecture in Italy 1600-1750. Harmondsworth: Penguin Books 1986. ISBN 0-14-056116-1