Piggies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Have you seen the little piggies crawling in the dirt?
And for all the little piggies life is getting worse,
Always having dirt to play around in.

George Harrison

«Piggies» er ein song av The Beatles på dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er hovudsakleg skriven av George Harrison og har ein cembalo i barokkstil og ein strykekvartett – som tar ei uventa vending ved å spele blues. Teksten er ein sosial kommentar om lyst og marknadsgrådigskap.

«Piggies» starta som ein Harrison-song og er òg tilskriven han, men han etterlét songen uferdig. Då mor hans oppdaga han eit år etter, hjelpte John Lennon til med å gjere songen ferdig. I Harrison-boka I Me Mine frå 1982, skriv han at mor hans hjelpte han med ei strofe; What they need is a damn good whacking! Han skriv vidare at songen absolutt ikkje har noko med amerikanske politimenn å gjere, som ofte vart kalla «pigs» på 1960-talet. I tillegg hadde songen eit ekstra vers som ikkje vart nytta:

Everywhere there’s lots of piggies
Playing piggie pranks
You can see them on their trotters
At the piggy banks
Paying piggy thanks
To thee pig brother

Feiltolkingar[endre | endre wikiteksten]

Charles Manson, som feiltolka fleire songar frå Det kvite albumet til å rettferdiggjere morda hans, tok særskild verselinja What they need is a damn good whacking! som forsvar for å gå til åtak på politiet. Då Sharon Tate, Leno og Rosemary LaBianca og andre vart myrda den 9. august 1969, vart knivar og gaflar nytta sidan desse var nemnde i songen. Orda «pig» og «piggy» vart skrivne med blodet til offera på veggane. Harrison vart forskrekka og forferda over at songen hans skulle få ei slik meining.

Eit anna band som har nytta ordet «piggies» på bortimot tilsvarande måte er Death In June. Teksten på tittelsongen knyt seg seg til Manson-drapa i refrenget, All pigs must die, this ain’t August ’69.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]