Piggrokketåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Piggrokketåka. Raudt svarer til lys sendt ut frå nitrogen, grønt lys sendt ut frå oksygen og blått lys sendt ut frå hydrogen.[1]

Piggrokketåka eller Hen-1357 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 18 000 lysår unna jorda i stjernebiletet Altaret. Ho er den yngste planetariske tåka som ein kjenner til.[2]

Hubble-teleskopet fotograferte tåka på slutten av 1990-talet var det mindre enn 20 år sia tåka byrja å gløda og gjekk frå å vera ei protoplanetarisk tåka til å vera ei planetarisk tåka.[2] Tåka har ein størrelse som er éin tiandedel av dei fleste planetarisk tåkene.[2]

I midten av tåka er det eit binærstjernesystem.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Stingray Nebula: The Youngest Known Planetary Nebula (Hen-1357)» - biletteksten til Hubble-biletet på NASA si Hubble-sida.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Hubble Reveals Details of a Newly Born Planetary Nebula» - Hubble-pressemelding på NASA si Hubble-sida i samband med teleskopet sitt bilete av tåka.