Piktarar
Piktarane var eit folkeslag som levde i det sentrale og nordlege Skottland fram til vikingtida. Namnet fekk dei kanskje av romarane fordi krigarane var tatoverte eller målte. I romersk tid fanst det to piktiske kongedøme: eitt i sør, som stadig gikk til åtak på nordgrensa til Romerriket, og eitt i nord, som også busette Orknøyane og Shetland. Ca. 841 blei dei sameint med folket i Dalriada, som var av irsk avstamming, under kong Kenneth I av Skottland.
Piktarane kan ha vore ein rest av ein før-keltisk befolkning på dei britiske øyane. Språket deira var i utgangspunktet ikkje-indoeuropeisk eller ikkje-keltisk, men blei stadig meir prega av og blanda med keltisk språk etter kvart som dei to folkegruppene blei blanda og integrert.
Lengst heldt piktisk språk og kultur stand i dei nordlegaste delane av Skottland. Det piktiske språket døydde truleg ut til fordel for norrønt på Shetland på 1200-talet. Det er faktisk mye som tyder på at dei innfødde menneska overlét øyane til nordmennene og at dette gikk fredeleg for seg.[treng kjelde] Dei kan også ha inngifta seg og blitt ein del av den norrøne befolkninga. Nordmennene kalla dei for petane.