Pilegrimsleia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pilegrimsleia i Noreg er turvegar knytte til tradisjonen om å dra på pilegrimsferd. Leia er bunden saman av natur- og kulturminne ut fra tradisjonar som går attende til mellomalderen, spesielt Olavstradisjonen.
1200 km turveg er merka og tilrettelagd. Vegane går til Nidaros domkyrkje frå forskjellige utgangspunkt:[1]
- Leia Oslo – Trondheim
- Leia Oslo – Hamar (austleg rute)
- Leia Svenskegrensa – Stiklestad – Trondheim
- Leia Skardøra – Trondheim «Romboleia»
- Leia gjennom Østerdalen
- Leia Grong – Stiklestad
Arbeidet med kartfesting, rydding og merking av Pilegrimsleiene i Noreg starta i 1994. DLeia frå Oslo til Trondheim og Stiklestad vart opna i 1997. Arbeidet med rydding og merking av stiar har halde fram, og førebels planlagt å vare fram til 2010.
Statens kartverk har godkjend både Pilegrimsleia og Pilegrimsleden som skrivemåtar for stadnamnet i norsk.[2]