Pilgrim av Eric Clapton
| Pilgrim Studioalbum av Eric Clapton |
||
| Utgjeve | 10. mars 1998 | |
| Innspelt | 1997 | |
| Sjanger | Rock, blues, pop | |
| Lengd | 75:33 | |
| Selskap | Duck Records/Reprise | |
| Produsent | Eric Clapton Simon Climie |
|
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Eric Clapton-kronologi | ||
| The Cream of Clapton (1996) |
Pilgrim | Blues (1999) |
Pilgrim er eit album frå 1998 av Eric Clapton. Det vart spelt inn i Olympic Studio i London seint i 1997. Albumet nådde fjerdeplass i USA
Innhaldsliste |
Historie[endre]
Pilgrim var det første albumet til Clapton med nye songar sidan Journeyman i 1989. Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. Allmusic skildra albumet som «mildt», medan Rolling Stone-journalist David Wild gav det fire av fem stjerner og sa «Pilgrim er verket til nokon som har lært på den hardaste måten ein kan tenke seg at sjølv om han ikkje kan endre verda, så kan han kanskje endre seg sjølv.»
Då Eric Clapton ønskte å lage eit album, ønskte han å lage det «tristaste albumet» til no, så han ringte Simon Climie og starta prosjektet. Han hadde alt skrive to songar då sonen, Conor, døydde i mars 1991. Songane enda opp å vere «My Father's Eyes» og «Circus». «Circus» omhandla siste gong han såg sonen, då han tok han med på sirkus. Conor døydde dagen etter, då han fall ut av eit vindauge i 53. etasje i New York City.
Clapton eksperimenterer med trommemaskinar og enkelte lydar som synthesizerar, gitarar, og strykarar som minnar om R&B.
Songen «Pilgrim» var òg på filmmusikken til Dødelig våpen 4.
Innhald[endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «My Father's Eyes» | Eric Clapton | 5:24 |
| 2. | «River of Tears» | Clapton, Simon Climie | 7:22 |
| 3. | «Pilgrim» | Clapton, Simon Climie | 5:50 |
| 4. | «Broken Hearted» | Clapton, Greg Phillinganes | 7:52 |
| 5. | «One Chance» | Clapton, Simon Climie | 5:55 |
| 6. | «Circus» | Clapton | 4:11 |
| 7. | «Going Down Slow» | St. Louis Jimmy | 5:19 |
| 8. | «Fall Like Rain» | Clapton | 3:50 |
| 9. | «Born in Time» | Bob Dylan | 4:41 |
| 10. | «Sick & Tired» | Clapton, Simon Climie | 5:43 |
| 11. | «Needs His Woman» | Clapton | 3:45 |
| 12. | «She's Gone» | Clapton, Simon Climie | 4:45 |
| 13. | «You Were There» | Clapton | 5:31 |
| 14. | «Inside of Me» | Clapton, Simon Climie | 5:25 |
Medverkande[endre]
- Eric Clapton - gitar og vokal
- Simon Climie - trommeprogrammering og klaverinstrument
- Steve Gadd - trommer
- Paul Waller - trommeprogrammering
- Dave Bronze - bassgitar
- Chris Stainton - Hammondorgel
- Joe Sample - piano
- London Session Orchestra - strykarar
- Nathan East - bassgitar
- Luis Jardim - bassgitar og perkusjon
- Andy Fairweather-Low - gitar
- Paul Carrack - Hammondorgel
- Greg Phillinganes - klaverinstrument
- Paul Brady - tinnfløyte
- Pino Paladino - bassgitar
- Chyna Whyne - korvokal
- Kenneth Edmonds - korvokal
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pilgrim (Eric Clapton album)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2011.
| Føregjengar Eros Eros Ramazzotti |
Toppen av VG-lista Eric Clapton 1 veke, veke 16–1998 |
Etterfylgjar Ekko CC Cowboys |