Pilgrimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°57′18.522″N 15°2′37.997″E Pilgrimstad er ein svensk tettstad i Bräcke kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland. Han ligg ved den nordvestre enden av Revsundssjön, ca. 30 km søraust for Östersund. I 2005 hadde tettstaden 405 innbyggjarar.

Pilgrimstad ligg ved E14 mellom Sundsvall og Östersund. Staden har fått namn etter pilegrimane som på veg til grava til Olav den heilage i Nidaros (Trondheim) stoppa ved pilegrimskjelda og drakk av det reine vatnet.

Tettstaden Pilgrimstad voks opp omkring eit sagbruk som blei bygd i 1905. Dette blei i 1952 erstatta av ein sponplatefabrikk. Eigar var skogsselskapet Bergvik och Ala. Fabrikken blei nedlagt i 1986, og i fabrikklokala er det i dag etablert fleire mindre verksemder, mellom anna ein husfabrikk og eit mikrobryggeri, Jämtlands Bryggeri.

Sponplatefabrikken i Pilgrimstad blei kjend som den siste industriverksemda Olof Palme vitja før han blei drepen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]