Pinball Wizard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pinball Wizard
Singel av The Who
frå albumet Tommy
B-side «Dogs, Part Two»
Utgjeve 7. mars 1969
Innspelt 7. februar 1969 i Morgan Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 3:01
Selskap Polydor
Decca (US)
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
The Who-kronologi
«Magic Bus»
(1968)
Pinball Wizard «Go to the Mirror!»
(1969)

«Pinball Wizard» er ein song skriven av Pete Townshend og framført av det engelske rockebandet The Who. Songen finst på rockeoperaalbumet Tommy frå og vart gjeven ut som singel same året. Singelen nådde fjerdeplassen på den britiske singellista.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teksten er skriven ut frå flipperspelmeisteren (pinballmeisteren) sitt synspunkt og han er forbløffa over kor god hovudkarakteren Tommy er til å spele flipperspel: «That deaf, dumb and blind kid sure plays a mean pinball» («Den døve, stumme og blinde guten kan verkeleg spele pinball») og «I thought I was the Bally table king, but I just handed my pinball crown to him» («Eg trudde eg var Bally-bordkongen, men eg berre gav frå meg pinballkrona til han»).

Townshend kalla ein gong songen «det mest klossete stykket han nokon gong hadde skrive»[1]; men songen vart likevel ein stor salssuksess og ein av dei mest kjende songane frå albumet. Songen vart òg ein konsertfavoritt hos tilhengjarane til The Who på grunn av den lett kjennelege melodien og pop-stilen.

Plassering på albumet[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1968 eller tidleg i 1969, då The Who spelte eit utkast av det nye albumet til kritikar Nik Cohn fekk det berre lunken mottaking av Cohn. Etter dette diskuterte Townshend, som var hovudlåtskrivar på Tommy, albumet med Cohn og kom fram til at for å lette litt på det tunge andelege temaet som låg over albumet, så burde hovudkarakteren, ein «døv, stum og blind gut» vere særleg god i eit eller anna spel. Sidan Cohn var ein stor fan av flipperspel, foreslo Townshend at Tommy kunne spele dette. Songen «Pinball Wizard» vart skriven og spelt inn like etter.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein del av ein medley i lag med andre songar frå Tommy («See Me, Feel Me») i ei innspeling av det britiske popbandet The New Seekers i 1973. Denne utgåva nådde 16. plass på den britiske salslista.

Songen vart framført av Elton John i filmutgåva av Tommy i 1975. Denne utgåva vart gjeven ut på singel same året i USA og i 1976 i Storbritannia, der han nådde sjuandeplassen på singellista. Elton John nyttar piano som hovudinstrument i songen i staden for den klassiske akustiske gitaren frå originalen, samt med ekstra tekstlinjer skrivne av Townshend for filmutgåva. I tillegg kan ein høyre hint av The Who sin «I Can't Explain» under avsluttinga av songen. Elton John framførte songen ein del på konsertane sine og fram til i dag er det den einaste coverversjonen av The Who som har nådd Topp 10 i Storbritannia.

Rod Stewart framførte songen under orkesterutgåva av Tommy i 1972 og han er med på fleire av samleplatene til Stewart.

Songen er òg spelt av Tenacious D, McFly, Genesis, The Flaming Lips og Ukulele Orchestra of Great Britain.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hefte i CD-utgåva av Tommy av Richard Barnes