Pingdingshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Pingdingshan-prefekturet i Henan

Pingdingshan (kinesisk: 平顶山; pinyin: Píngdǐngshān) er eit byprefektur sentralt i provinsen Henan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 7 882 km² og hadde om lag 4,9 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Pingdingshan omfattar fire bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i eit stort kolområde. Han har direkte jarnbanesamband mellom anna til provinshovudstaden Zhengzhou.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Under perioden vår- og haustannaltida (770 f.Kr. – 476 f.Kr.) bygde staten Chu ein forsvarsmur mot nabostatar som den stadig låg i strid med. Tidleg under den påfølgjande krigarrika-tida vart muren utvida, særleg for å gje betre vern mot den mektige staten Qin slik at muren no passerer gjennom Pingdingshan.

Byprefekturet Pingdingshan vart oppretta i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]