Pingualuit-krateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°16′30″N 73°39′37″W

Bilete av Pingualuit-krateret frå Landsat 7-satellitten.

Pingualuit-krateret (inuktitut for «der landet stig»), tidlegare kalla Chubb-krateret og seinare Ny-Quebec-krateret er eit meteorittkrater i det nordlege Labrador i Canada. Det er 3,44 km i diameter og fylt av ein 252 meter djup innsjø. Innsjøen inneheld noko av det reinaste ferskvatnet i verda med eit saltnivå på mindre enn 3 ppm. Det renn verken elvar inn eller ut av innsjøen, så all vasstilførsel skjera via regn eller snøsmelting, og mista berre vatn gjennom fordamping. Kraterranda ligg opp mot 163 meter over vassflata.

Krateret oppstod for om lag 1,4 millionar år sidan, og er geologisk sett eit ungt krater. Strukturen vart oppdaga i 1943, men det vart først då ein utforska det nærare i 1950 ein forstod at det var eit meteorittnedslag. Frederick W. Chubb og V. Ben Meen vitja krateret dette året, og det var på denne reisa at krateret fekk namnet Chubb-krateret. Namnet vart endra i 1954 til «Cratère du Nouveau-Quebec» («Ny-Quebec-krateret») og i 1999 til Pingugluit. Krateret og området kring høyrer i dag til Pingualuit nasjonalpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]